Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2088 (2025-2026)

Innlevert: 21.03.2026
Sendt: 23.03.2026
Til behandling

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Korleis vil statsråden følgje opp Stortinget sitt vedtak frå februar om å sikre skadepoliklinikktilbodet ved lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn, og kva styringssignal har statsråden gjeve helseforetaket med bakgrunn i stortingsvedtaket?

Begrunnelse

Stortinget sitt fleirtal fatta i februar vedtak om skadepoliklinikktilbodet ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane. Då tilbodet knytt til føde og akuttmedisin ved lokalsjukehusa vart sterk redusert for nokre år sidan, vart skadepoliklinikk av Arbeiderpartiet vist til som eit viktig element i det som vart kalla framtida sitt sentralsjukehus. Når Helse Førde no har peika på reduksjon skadepoliklinikkane som eit av innsparingstiltaka dei vurderer er det mellom anna for å kunne betale kapitalkostnader til staten knytt til investeringar helseforetaket har gjennomført. Stortingsfleirtalet har på si side gjort vedtak om at skadepoliklinikkane skal halde fram. Det er difor viktig å få synleggjort korleis regjeringa tolkar vedtaket Stortinget gjorde i februar, og korleis regjeringa følgjer opp Stortinget sitt vedtak ovanfor helseforetaket.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig