Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2192 (2025-2026)

Innlevert: 13.03.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 14.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram dokumentasjon på antall årlige alvorlige ulykker og dødsulykker i trafikken med varebilar registret i næring, i vekstklassa 2500 kg til 3500 kg, for åra 2021-2026, fordelt pr år og fordelt for dei ulike yrkeskategoriene?

Begrunnelse

Det er ute høyring frå regjeringa om innføring av fartsskrivarar og innføre køyre og kviletid for varebilar i næring frå 2500 kg til 3500 kg.

I høyringsnotatet står blant anna at dette er eit ledd i å unngå sosial dumping i varetaxinæringa og for transport av gods, og det er også brukt argument for å få ned ulykker i denne bilbruken innan næringslivet.

I debatten ang innføring av dette regelverket for internasjonal transport av gods for denne vektklassa, argumenterte samferdselsministeren at denne innføringa med krav om fartsskrivar og køyre og kviletid, var meint for å demme opp for sosial dumping og og eit anstendig arbeidsliv innan varetaxinæringa og transportnæringa for godstransport for betaling.

At dette blir innført som ein konsekvens av at andre statlige kontrollregimer slett ikkje gjer jobben sin, slik som skatteetaten, arbeidstilsynet, Statens vegvesen og politiet, som altså ikkje kontrollerar og tar ut av varetaxinæringa useriøse aktørar er nå ein ting, men som vanlig skal byråkratiske og svindyre regelverk og pålegg vere AP og regjeringa sitt svar på det meste.

Det var ALDRI med i denne debatten at dette var eit utbreidd problem for varebilar generelt som er registret innan næring av ulike slag, noko det sjølvsagt heller ikkje er.

Eg har ikkje registrert at det er i varebilklassen mellom 2500 kg og 3500 kg som er spesielt problematisk med grunnlag i hardt skadde og drepte i trafikken, dette er også bilar som har normalt god og trygg sikkerhets utrustning og eit grunnlag for å innføre eit slikt byråkratisk regelverk for varebilar i næring i denne vekstsklassa, verkar svært lite begrunna og direkte udokumentert.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Køyre- og kviletidsreglane gjeld i dag for alle køyretøy/køyretøykombinasjonar som har ei tillaten totalvekt på over 3 500 kg, eller som har meir enn 9 sitjeplassar, jf. forordning nr. 561/2006 art. 2.

Mobilitetspakka til EU del 1 - sosial del, er tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i Noreg. Som følgje av dette trådde fleire endringar på køyre- og kviletidsområdet i kraft 1. november 2022. Ei av desse endringane er at frå 1. juli 2026 vil verkeområdet for reglane om køyre- og kviletid og fartsskrivar også omfatte godstransport med køyretøy mellom 2 500 kg og 3 500 kg i internasjonal transport.

Bakgrunnen for og føremålet med denne endringa er ynskje om like konkurransevilkår, gode arbeidsforhold for sjåførane og trafikktryggleik, på lik linje med krava som gjeld tyngre køyretøy. Mange varebilar driv omfattande godstransport i ein marknad som har hatt svært få reguleringar samanlikna med marknaden for tunge bilar. Varebilar overtek marknaden for ein del av køyringa som tunge bilar har gjort, og det er skapt ubalanse då varebilane tradisjonelt har kunna køyra utan krav til, til dømes løyve eller køyre- og kviletid.

I regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren er tiltak nr. 1 at regjeringa vil innføre krav til internasjonal godstransport med tillaten totalvekt frå 2 500 kg (varebilar) i tråd med nye reglar i mobilitetspakka. Tiltak nr. 2 er at regjeringa vil starte eit regelverksarbeid for å innføre løyvekrav og reglar om køyre- og kviletid for nasjonal godstransport med varebilar over 2 500 kg. Høyringa det vert vist til under stortingsrepresentanten si grunngjeving for spørsmålet, er ei direkte oppfølging av denne handlingsplanen og ynske frå regjeringa om ei strengare regulering av godstransport med varebil.

Tal henta inn frå TRULS-registeret til Statens vegvesen (politirapporterte personskadeulykker) viser omfang og utvikling i personskadeulykker der varebil er involvert, og ei samanlikning mot ulykker der tungt køyretøy er involvert.

Statens vegvesen opplyser at for perioden 2020–2024 viser statistikken mellom 439 (i 2024) og 533 (i 2020) politirapporterte personskadeulykker per år der varebil er involvert. I same periode (2020–2024) utgjer dette samla 2 482 personskadeulykker der varebil er involvert. Uttaket viser også skadegrad for ulykker der varebil er involvert (drepne/hardt skadde/lettare skadde per år), og tilsvarande for ulykker der tungt køyretøy er involvert. For perioden 2020–2024 er det til dømes registrert 73 drepne i personskadeulykker der varebil er involvert, medan det er registrert 130 drepne i personskadeulykker der tungt køyretøy er involvert. Endelege tal for 2025 og 2026 er ikkje tilgjengeleg.

Det vert presisert at TRULS-registeret ikkje inneheld opplysningar om skuld, utløysande einingar eller årsaker til ulykkene (til dømes trøyttleik). Registeret inneheld berre faktainformasjon frå politiet (dato/klokkeslett/stad/ulykkestype m.m.). Videre viser tala i uttaket personskadeulykker der varebil er involvert, men seier ikkje i seg sjølv om varebilen i den enkelte ulykka var i godstransport eller anna bruk.