Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2191 (2025-2026)
Innlevert: 13.03.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 14.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministere forklare motivet for at små bedrifter, håndverkere, industribedrifter, reparatører, anleggsfolk osv. må innføre fartsskrivere på små varebilar frå 2500- 3500 kg, frå før er denne næringa belemra med verdens dyraste bilar, drivstoff, verdens høgaste skattar, avgifter og omfattande anna næringsregelverk, for nå å bli påført kostnadar på godt over 50 000 kr pr. bil, årlige kostnadar og ulemper med eit regelverk som frå talarstolen i Stortinget hadde motiv for varetaxinæringa og godstransport for betaling?
Det er for tida ute høyring frå regjeringa ang forslag om å innføre krav til køyre og kviletid samt fartsskrivar (taksograf) for varebilar mellom 2 500 kg og 3 500 kg som brukast i nasjonal transport av gods. Frå før har regjeringa innført desse reglane for denne vekstklassen for varebilar for internasjonal transport av gods, no skal altså regjeringa gjere det aldeles vanskeleg for resten av varebilane registrert i næring her i landet.
Ut av høyringa er det slett ikkje lett å forstå kva som egentlig er agendaen, då det i eine setninga omtalar at det er sosial dumping og ei ansvarlig varetaxinæring og transportnæring av gods for betaling som er motivet, for seinare å framstille dette i høyringa som om dette skal gjelde alt av varebilar i denne vektklassa ned til 2 500 kg for alt av varebilar registrert i næringsdrift.
Dette er aldeles vanvittig i så måte. Ein ting er det at regjeringa påfører næringslivet enda fleire reglar, avgifter og kostnadar for små bedrifter i denne samanhengen, men å påføre slike bedrifter kostnadar på over 50 000 kr samt årlege store kostnadar til kalibrering og eit vanvittig innfløkt regelverk som skal hånhevast, ser nesten ut som eit ledd i å kunne auke opp betydelig Statens vegvesen sine kontrollfunksjoner og framstår nærmest som eit sysselsettingstiltak for enda meir offentlig byråkrati og auke i eit frå før vanvittig sløseri kontrollregime.
Pr. i dag er det frå før innført regelverk om fartskrivar og køyre og kviletid for 3500 kg varebilar i næring med hengar, noko som påfører store kostnadar og ulemper for små bedrifter som til dømes deltek på messer med sine eigne salgsvarer og som egentlig kan kaste inn årane då utgiftene etterkvart overgår inntjening, eit byråkrati som ingen klarer heilt å forstå. Håndverkere eller industrifag blir belemra med at ein kan køyre 100 kilometer i luftlinje, køyrer ein over dette med rør og arbeidsdelar til eige bruk, må ein altså inn under desse strenge regelverket for køyre og kviletid med svindyre fartsskrivarar.
No skal tydeligvis resten av næringslivet sine små bedrifter til pers, svindyre fartsskrivarar skal inn på små varebilar som små bedrifter og håndtverkarar har, i ei høyring som slett ikkje verken er tydeleg eller særlig forståeleg å kunne tolke motivet for, med eit slett grunnlag.

Jon-Ivar Nygård: Køyre- og kviletidsreglane og krav om fartsskrivar gjeld i dag for alle køyretøy/køyretøykombinasjonar som har ei tillaten totalvekt på over 3 500 kg, eller som har meir enn 9 sitjeplassar, jf. forordning nr. 561/2006 art. 2. Mobilitetspakka til EU del 1 - sosial del er tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i Noreg. Som følgje av dette trådde fleire endringar på køyre- og kviletidsområdet i kraft 1. november 2022. Ei av desse endringane er at frå 1. juli 2026 vil verkeområdet for reglane om køyre- og kviletid og fartsskrivar også omfatte godstransport med køyretøy mellom 2 500 kg og 3 500 kg i internasjonal transport.
Bakgrunnen for og føremålet med denne endringa er ynskje om like konkurransevilkår, gode arbeidsforhold for sjåførane og trafikktryggleik, på lik linje med krava som gjeld tyngre køyretøy. Mange varebilar driv omfattande godstransport i ein marknad som har hatt svært få reguleringar samanlikna med marknaden for tunge bilar. Varebilar overtek marknaden for ein del av køyringa som tunge bilar har gjort, og det vert skapt ubalanse då varebilane tradisjonelt har kunna køyra utan krav til, til dømes løyve eller køyre- og kviletid. I regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren er tiltak nr. 1 at regjeringa vil innføre krav til internasjonal godstransport med tillaten totalvekt frå 2 500 kg (varebilar) i tråd med nye reglar i mobilitetspakka. Tiltak nr. 2 er at regjeringa vil starte eit regelverksarbeid for å innføre løyvekrav og reglar om køyre- og kviletid for nasjonal godstransport med varebilar over 2 500 kg. Høyringa det vert vist til i grunngjevinga for spørsmålet, er ei direkte oppfølging av denne handlingsplanen og ynske frå regjeringa om ei strengare regulering av godstransport med varebil. Framlegget som har vore på høyring, gjeld godstransport med varebil med tillaten totalvekt mellom 2500 og 3500 kg. Det gjeld ikkje alle som brukar varebil som del av si verksemd. Dette er unntak når godstransporten med slik varebil ikkje blir utført for ein annan si rekning, men for føretaket eller føraren si eiga rekning, og når køyringa ikkje er føraren si hovudaktivitet. Dette fylgjer av forordning (EU) 561/2006 artikkel 3 ha) for internasjonal godstransport med varebil og er foreslått å gjelde tilsvarande for nasjonal transport, i framlegget som har vore på høyring. Unntaket har inga radiusavgrensing. Unntaket vil vere aktuelt for mellom anna handverkarar, reparatørar og anleggsfolk såframt vilkåra er oppfylte, altså at køyringa ikkje er førarens hovudaktivitet og blir utført for eigen rekning. Samferdselsdepartementet har mottatt høyringsoppsummering frå Statens vegvesen, og vil nå gå grundig gjennom vurderingane før departementet tek stilling til den vidare oppfølginga av framlegget.