Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2114 (2025-2026)

Innlevert: 11.03.2026
Sendt: 23.03.2026
Besvart: 07.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor bruk av mobil i bil har så høge gebyr, som åpenbart ikkje kan være i takt med overtredelsens karakter?

Begrunnelse

Bøtesatsane for ulike overtredelser for bilbruk har foke til himmels med dagens regjering, og har tydeligvis ikkje virka då ulykkestalla og antall drepte i trafikken har auka siste året.
Politiet og ulike bilorganisasjoner har advart om dei svært høge bøtesatsane som mange meiner slett ikkje virkar men kun er gjenstand for å berike statskassa, ei kasse som renner over av penger frå før.
I alle nye biler er der store skjermer som betjener det meste for bilens driftssystem, likevel er gebyret for håndholdt eller all bruk av mobiltlf. i bil heile 10500 kr. Eit gebyrnivå for ein overtredelse som slett ikkje står i stil med overtredelsens karakter.
Til sammenlikning er gebyret for ikkje å bruke bilbelte, som åpenbart er eit svært viktig virkemiddel for å redde liv, 1 500 kr.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Vala som trafikantane tek er avgjerande for trafikktryggleiken til alle som bruker vegane, og førarfeil er årsak til særs mange av dei mest alvorlege trafikkulukkene. Fartsbrot, manglande merksemd og risikoåtferd drep og skadar altfor mange menneske årleg. Dette er tragisk og heilt unødvendig. Kontroll, handheving og straffereaksjonar skal bidra til å redusere omfanget av slik uønskt åtferd.
Bruk av handhalden mobiltelefon under køyring, særleg det å taste eller lese, inneber særs høg risiko. Ein analyse gjennomført at TØI syner at manglande merksemd hos førarar av motorkøyretøy bidrog til omtrent kvar tredje dødsulukke i trafikken i perioden 2016-2020. I tillegg er manglande merksemd årsak til mange ulukker med skadde. Mykje av den manglande merksemda er knytt til ulovleg mobilbruk.
Dei siste åra har bøtesatsane for forenkla førelegg i vegtrafikksaker vore auka i samsvar med utviklinga av konsumprisindeksen, for å oppretthalde bøtenes preventive effekt.
Satsane har tidlegare blitt auka både under Solberg-regjeringa og nåverande regjering. Berre ein gong dei siste åra – i 2023 – vart satsane auka generelt ut over konsumprisindeksen. Bakgrunnen var mellom anna den sterke auken i talet på trafikkdrepne i 2022. Solberg-regjeringa hadde ei kraftig auke i 2017.
I tillegg har satsane for ulovleg bruk av mobiltelefon blitt særleg auka i 2021 og 2022. I 2021 blei satsen auka betydeleg frå 1 700 kr til 5 000 kr. Auken var særleg grunngjeve med at bøtesatsen ved brot på forbodet mot bruk av handhalden mobiltelefon under køyring har vore for låg, sett hen til både skadepotensialet og bøtenivået for samanliknbare lovbrot. Skal reaksjonen stå i forhold til kor alvorleg regelbrotet er, var det behov for ei monaleg auke i satsane. Samstundes blei også talet på prikkar for ulovleg mobilbruk auka. Auken var støtta av dei fleste høyringsinstansane.
I 2022 var auken grunngjeve med behov for å få fleire til å fylgje forbodet. Forslaget blei støtta av de fleste høyringsinstansane, og en auke frå 5 000 til 7 450 kr blei sett på som passande, sett hen både til risikoen ved lovbrotet og bøtenivået for samanliknbare lovbrot.
Politiets undersøkingar av ulovleg mobilbruk viser ein nedgang i ulovleg bruk av mobiltelefon frå 2019-2024. Dette indikerer at auke i satsen kan bidra til redusert bruk.