Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1916 (2025-2026)

Innlevert: 10.03.2026
Sendt: 11.03.2026
Besvart: 18.03.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Korleis vil regjeringa sikra at endringar i tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk ikkje fører til auka utflagging av norske skip, svekt rekruttering til maritime yrke og redusert nasjonal beredskap, og vil regjeringa gjennomføra ei grundig konsekvensutgreiing av verknadene for norsk flagg og den maritime klynga før eventuelle endringar blir vedtekne?

Begrunnelse

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i lov og forskrift om tilskot til sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs. Bakgrunnen er at dagens ordning, som er godkjend av ESA fram til 28. februar 2026, skal notifiserast for ein ny periode. Departementet føreslår mellom anna at reiarlag skal kunne søka om tilskot også for sjøfolk på skip registrerte i andre EU- og EØS-land.

Fleire aktørar i den maritime næringa har uttrykt uro for at forslaget kan svekka insentiva til å registrera skip under norsk flagg. Maritimt Forum og andre peikar på at ordninga i praksis kan likestilla, eller i enkelte tilfelle gi betre økonomiske vilkår for skip registrerte under andre EU/EØS-flagg enn under dei norske registera (NOR og NIS). Samtidig har delen norskregistrerte skip gått ned dei siste åra.

Ei utvikling med færre skip under norsk flagg kan få konsekvensar for både rekruttering til maritime yrke, norsk maritim kompetanse og den samla maritime klynga. Fleire har også peikt på at norsk tonnasje og norsk flagg har betyding for nasjonal beredskap, myndigheitskontroll og tryggleik i norske farvatn, særleg i ei tid med auka geopolitisk uro.

Fleire aktørar i næringa har derfor etterlyst ei grundigare konsekvensanalyse av verknadene før det eventuelt blir gjort endringar i ei av dei viktigaste ordningane for å sikra norsk flagg og norsk maritim kompetanse.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Tilskotsordninga for sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs er det viktigaste politiske verkemidlet for å bevare norsk maritim kompetanse. Regjeringa prioriterer tilskotsordninga, og har dei siste åra bevilga om lag 2,5 mrd. kroner per år over ordninga. Det er ei regelfast ordning som skal bidra til å sikre at Noreg har norske sjøfolk.
Regjeringa har i samband med prosess for notifisering av ordninga for ei ny periode fått tilbakemelding frå ESA om at gjeldande ordning ikkje er i tråd med EU-kommisjonen sin praksis. Sidan 2018 har EU-kommisjonen kravd tilsvarande endringar i ordningane til mellom anna Tyskland, Danmark, Sverige og Estland, i samband med deira notifiseringar. Det er vanskeleg å sjå for seg at Noreg kan særbehandlast i forhold til desse landa. Dersom Noreg ikkje får godkjent ei ny ordning innan gjeldande forlengde godkjenning, er risikoen at vi står utan noka ordning, med betydelege konsekvensar for konkurransetilhøva for både norske sjøfolk og norskflagga skip.
Det er norske reiarlag som vel kor dei flaggar skipa sine. Regjeringa ønskjer å oppretthalde eit høgt antall skip under norsk flagg, og arbeider difor for at rammevilkåra bidrar til at norskflagga skip har gode konkurransetilhøve overfor utanlandskflagga. Dette omfattar tilskotsordninga for sjøfolk, som har bidratt til eit høgt antall skip under norsk flagg og eit høgt antall norske sjøfolk. Skipsfarten er likevel ein svært mobil næring der flaggbytte er ei sedvanleg marknadstilpasning, basert på mellom anna nasjonal tilknyting, rammevilkår i ulike registre og ulike land og nasjonale krav i ulike marknader. Dette gjeld særleg den internasjonale delen av skipsfarten, der NIS-flagga skip konkurrerer.
Det viktigaste føremålet med tilskotsordninga er å bevare norsk maritim kompetanse. I utgangspunktet vurderer regjeringa at endringsforslaget ikkje vil svekke konkurransekrafta til norske sjøfolk. Med utgangspunkt i videreføring av dei same krava som i dag for å få rett til tilskot, vil sjøfolk som i dag fell inn under tilskotsordninga, ha den same tilgangen uavhengig av flagg med utvidinga. Sjøfolk på EU-/EØS-flagg som i dag ikkje er del av ordninga, vil måtte ha eit skatte- eller trygdeforhold til Noreg for å falle inn under ordninga med den føreslåtte endringa. Samstundes vil norske sjøfolk med skatte- og trygdeforhold til Noreg som arbeider på EU-/EØS-flagga skip og i dag ikkje har rett til tilskot, kunne kome inn under ordninga.
Regjeringa anerkjenner at endringar i ordninga vil kunne bidra til at norske reiarlag vel å omregistrere skip. Dette vil kunne påverke Noreg sin posisjon som flaggstat, og under nokre føresetnader skipsfartsberedskap. Regjeringa vil arbeide for å innrette endringane på eit slikt vis at dei minimerer utflagging fra Noreg.
Regjeringa er interessert i å få dei ulike aktørane sine synspunkt på endringsforslaget, og utvida difor høyringsfristen for lovproposisjonen. Vi vil vurdere høyringsinnspela nøye og sjå på korleis vi kan innrette ordninga best mogleg for å bevare norsk maritim kompetanse og ein stor norsk flåte. Dei nærmare vilkåra for kven som vil omfattast av ordninga, vil være gjenstand for påfølgjande arbeid med endring av forskrifta. Lov om tilskot til sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs er fastsatt som ei heimelslov. Den nærmare innretninga av ordninga er regulert i forskrift. Regjeringa ønskjer å vidareføre dagens krav så langt det er mogleg, og legg opp til krav om tydeleg norsk tilknyting for både skip og sjøfolk. Vi ser fram til å fortsette dialogen med partane om korleis ordninga kan innrettast på ein måte som er forenleg med EUs statsstøtteregelverk, for å sikre at Noreg kan fortsetje å ha ei tilskotsordning for sjøfolk.