Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1894 (2025-2026)
Innlevert: 03.03.2026
Sendt: 09.03.2026
Besvart: 16.03.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren ta initiativ for opprettelse av eit nytt ferjesamband mellom Hitra og Aure, og støtte ein søknad om dette dersom dei to fylka Møre og Romsdal og Trøndelag søker om dette?
Det har lenge vore arbeidd med nytt ferjesamband mellom Hitra i Trøndelag og Aure i Møre og Romsdal.
Pr. i dag er det kun eit fastlandssamband frå Frøya og Hitra til fastlandet , som beredskapsmessig er svært sårbart. Dagleg går minst 100 vogntog med laks gjennom dette sambandet, og ved ei ulykke eller anna hendelser der som stenger tunellen er dette svært alvorlig, sjølvsagt også beredskapsmessig.
Der går også mykje næringstrafikk frå Hitra og sørover til Møre, som i dag må gjennomføre ei stor omkjøring, som både tar tid og er kostbart på relativt smale og krevjandes vegar.
Eit nytt ferjesamband mellom Hitra og Aure vil vere svært viktig beredskapsmessig og samtidig kraftig næringsnyttig og med sterk samfunnsnytten.

Jon-Ivar Nygård: Fylkeskommunane er sjølvstendige folkevalde og sjølvstyrte organar. Det er difor fylkeskommunane Møre og Romsdal og Trøndelag som sjølve må vurdere om det skal opprettast eit nytt fylkeskommunalt ferjesamband mellom Aure og Hitra. Som også nemnd i mitt svar på spørsmål nr 96 frå oktober 2025 bør eit eventuelt nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra handsamast etter dei gjeldande reglane for ferjesamband i inntektssystemet. Krava for å telle med i inntektssystemet er omtala i Prop. 1 S (2017-2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.