Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1893 (2025-2026)

Innlevert: 03.03.2026
Sendt: 09.03.2026
Besvart: 13.03.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for kva prosess ein privat utbygger av eit slikt stort samferdselsprosjekt, må ha av godkjenninger av offentlige myndigheter?

Begrunnelse

Borgundfjordtunellen er eit privat utbyggingsprosjekt for tunell og undersjøisk tunell mellom Sula og Ålesund i Møre og Romsdal.
I prosessen med dette private utbyggingsprosjektet er der ein del spørsmål ikring korleis eit slikt prosjekt går fram, og kva som skal godkjennes av offentlige myndigheter.
Reguleringsplan arbeidet forstår ein må gjennomføres av dei to kommunane med nødvendig kvalifisert kompetanse for reguleringsplan av eit slikt samferdselsprosjekt, med undersjøisk tuneller og sambindings vegnettet på land med tilkobling til anna offentleg vegnett.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: For eit stort privat samferdselsprosjekt, som Borgundfjordtunnelen, må utbyggjar følgje dei ordinære plan- og godkjenningsprosessane etter gjeldande lovverk. Offentlege styresmakter si rolle er knytt til planbehandling og myndigheitsutøving, uavhengig av at tiltaket er privat initiert og privat finansiert.

Tiltaket må avklarast etter plan- og bygningslova. Det inneber at det må utarbeidast kommunedelplan eller reguleringsplan og konsekvensutgreiing for prosjektet, som vert handsama og vedteke av dei berørte kommunane som planmynde. Reguleringsplanen skal utarbeidast i tråd med lova sine krav til utgreiing, medrekna konsekvensutgreiing dersom tiltaket er omfatta av regelverket for dette. Eventuelle motsegner til planen må på vanleg måte handsamast i tråd med plan- og bygningslova. Kommunane fattar endeleg vedtak om reguleringsplan.

Prosjektet må innhente nødvendige løyve etter relevant sektorlovgiving. Avhengig av prosjektet si utforming og omfang kan dette mellom anna omfatte løyve etter veglova, medrekna vurderingar knytt til eventuelle kryssingar eller tilknytingar til offentleg vegnett. Statens vegvesen har ei rolle som fagorgan med sektoransvar, mellom anna for trafikksikkerheit.

Vidare kan prosjektet krevje løyve etter anna regelverk, mellom anna forureiningslova, dersom tiltaket kan medføre utslepp eller andre miljøpåverknader. Dersom prosjektet rører sjøområde, farleier eller sjøtrafikk, vil det òg kunne vere krav om løyve eller fråsegn frå Kystverket og eventuelt andre berørte styresmakter.

I tillegg må prosjektet avklare eigedomsforhold, medrekna grunnavståing og nødvendige rettar, i samsvar med privatrettsleg regelverk. Slike forhold er utbyggjar sitt ansvar.

For private vegprosjekt med privat finansiering er det utbyggjar som har det fulle ansvaret for planlegging, finansiering, utbygging, drift og vedlikehald av anlegget. Prosjektet gir ikkje grunnlag for statleg finansiering, og føreset ikkje vedtak i Stortinget så lenge vegen vert etablert og driven som privat veg. Ei eventuell innkreving av bompengar på privat veg må bli vedteke av dei kommunane der vegen vil gå, jf. veglova § 56 første ledd.

Statens vegvesen opplyser at ein eventuell Borgundfjordtunnel vil føre med seg trafikk innanfor dei ytre bomsnitta for Bypakke Ålesund, og derfor kan påverke finansiering og måloppnåing for bypakka. Dersom det skulle bli vedteke eit bompengeopplegg for ein privat Borgundfjordtunnel, må derfor forholdet mellom bompengesystema for den eventuelle Borgundfjordtunnelen og bypakka avklarast.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at private samferdselsprosjekt vert handsama innanfor dei ordinære plan- og løyveprosessane, og at offentlege styresmakter si rolle er avgrensa til myndigheitsutøving etter gjeldande lovverk.