Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Trond Helleland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1812 (2025-2026)

Innlevert: 27.02.2026
Sendt: 02.03.2026
Besvart: 09.03.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Trond Helleland (H)

Spørsmål

Trond Helleland (H): Meiner statsråden at åtte er fleire enn ni?

Begrunnelse

Høgre har lenge frykta eit dårlegare rutetilbod frå Oslo S til og frå Oslo lufthamn når Flytoget blir lagt ned. Statsråden har derimot ved fleire høve påstått at tilbodet skulle bli betre. Seinast i januar sa samferdselsministeren følgjande til stortinget: "Det blir samme jevne frekvens til Oslo lufthavn som i dag". No viser derimot den nye ruteplanen at talet på avgangar til Oslo lufthamn blir redusert frå dagens ni til åtte per time.
Jernbanedirektoratet skriv på sine heimesider at dei reisande "vil oppleve en stor forbedring, med flere og jevnere fordelte avganger og bedre plass om bord".

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ein auke i talet på togreisande, og sprengd kapasitet på jernbanenettet, gjer at det er behov for å gjera endringar i togtilbodet på Austlandet. Me må utnytta tilgjengeleg kapasitet på ein betre måte enn det me gjer i dag, noko som inneber at det ikkje lenger er mogleg å nytta store delar av sporkapasiteten til å halda oppe eit separat flytogtilbod. Frå 2028 vil me derfor gå over til eit samla togtilbod på Austlandet, der alle reisande kan nytta alle avgangar. Dette vil gi store gevinstar for det store fleirtalet av reisande, som får tilgang til mange fleire avgangar, og vil oppleva mykje mindre trengsel enn i dag.
I det nye togtilbodet er det lagt vekt på å henta ut det beste både av dagens flytogtilbod og 10-minuttsystemet for regiontoga mellom Asker og Lillestrøm. Det vil bli eit nytt, utvida 10-minuttsystem Drammen – Oslo lufthavn, der alle avgangar blir tilgjengeleg for alle reisande. Samanlikna med dagens 10-minuttsystem for regiontoga, vil det nye systemet bestå av færre toglinjer, som gir eit enkelt og tydeleg togtilbod. Vidare vil dei fleste avgangane berre trafikkera den dobbeltspora strekninga Drammen – Oslo lufthavn (– Eidsvoll). Dette vil bidra til at avgangane blir meir pålitelege, og at toga ikkje allereie vil vera fulle når dei kjem inn på fellesstrekninga mellom Drammen og Oslo lufthavn der flest reiser. Med dette grepet sørgjer me for at den totale transportkapasiteten blir utnytta på ein best mogleg måte, og at det vil bli eit påliteleg togtilbod med god plass om bord for dei største reisestraumane.
Det vil framleis gå like mange avgangar til Skien, Lillehammer, Dal og Kongsvinger som i dag, men desse avgangane vil ikkje lenger inngå i det faste 10-minuttsystemet, noko som vil gi mindre trengsel på desse linjene, og dermed auka komforten for dei som reiser langt. Dei reisande til flyplassen frå Oslo S vil i praksis ikkje oppleva færre avgangar: I dag må dei velja mellom to ulike tilbod med ulike billettar, slik at dei fleste anten må forhalde seg til Flytoget (med seks avgangar) eller Vy (med tre avgangar). Reisande mellom Oslo S og Oslo lufthavn vil framleis oppleva avgang minimum kvart 10. minutt, og dette blir no utvida heilt til Drammen. Vest for Lysaker har Flytoget i dag berre avgang kvart 20. minutt, så frå både Drammen, Asker og Sandvika vil det bli store forbetringar i togtilbodet – både for pendlarar og dei som skal til flyplassen.
Med åtte avgangar per time til Oslo lufthavn, og avgang minimum kvart 10. minutt, vil ventetida uansett bli kort. Ein ekstra avgang vil gi lite innsparingar i ventetid for dei reisande. Infrastrukturen i Oslo-navet er svært høgt utnytta i dagens ruteplan, noko som gjer heile systemet sårbart, og bidreg til at forseinkingar spreier seg lett. Punktlegheit er svært viktig for dei reisande, og Jernbanedirektoratet har derfor, etter råd frå Bane NOR, valt å nytta noko av den frigjorde kapasiteten til å auka robustheita i systemet, framfor å køyra endå fleire avgangar.