Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1802 (2025-2026)

Innlevert: 24.02.2026
Sendt: 02.03.2026
Besvart: 09.03.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren, med tanke på ønska trafikktryggingstiltak som han har vore ute i media og vil innføre, anbefale bruk av skikkelege piggdekk og fjerne lovheimelen til å innføre piggdekkgebyr i byområda?

Begrunnelse

Samferdselsministeren har vore ute og omsnakka tiltak for å ta ned hardt skadde og drepte i trafikken. og det er åpenbart viktig at vi snur alle steinar for å gjere noko med dette.
Køyring på vanskelig vinterføre og glatte vegar er også årsaker til mange av ulykkene, der vegbanen også blir berre meir og meir polert pga bruken av piggfrie dekk.
Piggfrie dekk gjev generelt betydelig lengre bremselengde enn piggdekk, ofte 10-20 m i 50 km/t på glatte vintervegar.
Det er derfor ein grunn til at dei fleset utrykningskjøretøy slik som politi og ambulanser køyrer med piggdekk.
Så presterer altså fleie byar å innføre piggdekkgebyr, der bilane når det er glatt ravar rundt på glatta og kolliderer, og er alt anna enn trafikk trygging i praksis.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Føremålet med piggdekkgebyr er å redusere nivået av svevestøv i norske kommunar. All kunnskap viser at dette gir betre luftkvalitet, noko som igjen reduserer helseplagar for folk som bur og ferdast i utsette område. Kommunane har ansvar for at grenseverdiane i forureiningsforskrifta blir haldne. Når kommunane har dette ansvaret, må dei òg ha tilgjengelege verkemiddel for å kunne følgje opp. Staten pålegg ikkje kommunar å innføre piggdekkgebyr. Dette avgjer den enkelte kommune sjølv. For bilistar er det heller ikkje forbode å bruke piggdekk, men i nokre kommunar er det innført piggdekkgebyr. Det følgjer da ein økonomisk plikt dersom piggdekk blir brukt innanfor ei sone med piggdekkgebyr.
Bruk av dekk som er tilpassa lokale føreforhold, er viktig for å redusere ulukkesrisikoen. Det finst både piggdekk og piggfrie vinterdekk som gir godt veggrep og god tryggleik. Mellom storbyane der svevestøv er eit lite problem, er det naturleg nok ein høgare del som brukar piggdekk. Erfaringane viser at i dei største bykommunane der piggdekkgebyr blir brukt, kan ein stor del køyre piggfritt utan at ulempene blir for høge. Vegnettet i desse kommunane blir og drifta deretter. Det er berre tre kommunar i Noreg som nyttar seg av piggdekkgebyrordninga i dag, og det er Trondheim, Bergen og Oslo.
Etter mi vurdering, er piggdekkgebyret eit verkemiddel som er viktig for å kunne halde seg innanfor grenseverdiane for luftkvalitet i forureiningsforskrifta. Det førebyggjer helseskadar, byggjer på prinsippet om at forureinar betaler, og støttar lokaldemokratiet i kommunane. Eg vil derfor ikkje fjerne lovheimelen for bruk av piggdekkgebyr. Eg viser i denne samanhengen også til handsaminga i Stortinget av Dokument 8:35 S (2025-2026), Innst. 93 S (2025-2026).
Eg kan for øvrig opplyse om at departementet i sitt tildelingsbrev for 2026 til Staten vegvesen har gitt etaten i oppdrag om å foreta ein heilskapeleg revisjon av piggdekkgebyrforskriften.