Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1700 (2025-2026)
Innlevert: 21.02.2026
Sendt: 23.02.2026
Besvart: 02.03.2026 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Erling Sande (Sp): Har regjeringa dokumentasjon av grunnforholda som tilseier at eit påbygg av dagens Nationaltheater mot vest, slik det er skissert i planane til initiativtakarane, er umulig eller svært kostnadskrevjande?
I arbeidet med framtida til Nationaltheatret har det av initiativtakarar blitt peika på ei løysing som medfører utbygging av dagens teaterbygning mot vest og som både vil kunne ivareta bygningsmassen og verdiane i dagens bygg, samtidig som ein gjev rom for nødvendig utviding og funksjonar ein treng dersom teateret skal halde fram aktiviteten sin på dagens lokasjon. Området utbygging er tenkt på vart regulert av Oslo kommune til formålet i 1983 og grunnen er statseigd. Alternativet burde difor vere aktuelt å utgreie når ein vurderer ulike framtidsløysingar for Nationaltheatret. Det blir frå enkelte hald hevda at ei slik utbygging ikkje kan la seg gjere på grunn av grunnforhold og transportinfrastruktur i arealet som er tenkt utbygd ved ei slik løysing. Det er difor nyttig for Stortinget å vite om grunnforholda gjer ei utbygging av teatret, slik den er skissert i forslaget frå initiativtakarane, umogeleg.

Lubna Boby Jaffery: Prosjektet med å rehabilitere Nationaltheatret har vore under grundig utgreiing i mange år, i tråd med statens modell for utgreiing og planlegging av store investeringsprosjekt. Vurdering av grunnforholda i området rundt Nationaltheatret, inkludert tunnelløpa under bakken, har vore ein viktig del av dei ulike fasane for prosjektet. Ulike former for utbygging over og under bakken i tilknyting til Nationaltheaterbygningen har vore vurdert som del av moglegheitsrommet for utvikling av teateret.
Det er godt kjent at det er grenser for og utfordringar med bygging under bakken inntil Nationaltheatret i det nordvestre hjørnet. Der ligg tunnelløpa for t-banen og jernbanen svært nær Nationaltheaterbygningen. Ei eventuell utbygging i nærleiken av konstruksjonane til dei eksisterande tunnelløpa har utfordringar knytt til anlegga, men òg for teaterdrifta med tanke på støy og vibrasjonar. Etablering av ei eventuell byggegrop rundt Nationaltheatret vil påverke områda rundt, både tunnelløp, nabobygg og andre konstruksjonar i tilstøytande gater.
Det har tidlegare òg blitt gjort vurderingar av ein eventuell framtidig togtrasé i Stortingsgata for ny rikstunnel mellom Oslo S og Lysaker for togtrafikken. Tiltaket om eventuell ny rikstunnel er omtalt i gjeldande Nasjonal transportplan (2025–2036), og planen er å få eit oppdatert vedtaksgrunnlag for ein eventuell ny rikstunnel gjennom Oslo til den neste nasjonale transportplanen. Omsynet til ein eventuell ny rikstunnel under bakken i Stortingsgata vil vidare ha betydning for moglegheitene til å utvide Nationaltheaterbygget ved gateløpet. Over bakken er området eit viktig kollektivknutepunkt for t-bane, jernbane, trikk og buss, og eit av Oslos mest trafikkerte område for fotgjengarar.
Representanten viste i grunngjevinga til spørsmålet til at Oslo kommune i 1982 utarbeidde eit forslag til reguleringsendring for Nationaltheatret basert på ein arkitektkonkurranse frå 1974. Det dåverande Miljøverndepartementet vurderte forslaget frå kommunen i samband med behandlinga og vedtaket om å frede Nationaltheatret. Miljøverndepartementet avviste forslaget og uttalte i 1983 at departementet «ikke [har] funnet det riktig nå å stadfeste en plan som gir anvisning på en bestemt bygningsmessig utforming når det gjelder løsning av teatrets fremtidige plassbehov. Valg av løsning bør først skje når en utvidelse er aktuell og da på grunnlag av en grundig vurdering av mulige alternativer.»
Statens eigedom rundt Nationaltheatret er hovudsakeleg regulert til friområde (plass/park).
Plassen aust og nord for Nationaltheaterbygningen (mot Roald Amundsens gate) blei derimot regulert som byggeområde for offentleg bygning (teater) under bakken i 1997, i samband med at kapasiteten ved Nationaltheatret stasjon blei utvida. Statsbygg utarbeidde i 2018–2021 forprosjekt for rehabilitering av Nationaltheatret som inkluderte etablering av nybygg under bakken på denne plassen aust for teateret. Forprosjektet viste ein vesentleg auke i kostnadsestimatet og behov for full refundamentering, mellom anna på grunn av omfattande gravearbeid og kopling til dagens bygg. Det blei gjennomført grundige vurderingar og kontrollar av dei geotekniske forholda til prosjektet, inkludert ekstern kvalitetssikring KS2.
Regjeringa valde å ikkje gå vidare med ei slik løysing med omfattande gravearbeid og tilbygg til teateret, og har utgreidd vidare ei enklare rehabilitering med mindre omfattande inngrep tilpassa dagens bygningskropp, der antikvariske omsyn, universell utforming, tekniske anlegg og funksjonsareal knytt til hovudscenen blir prioritert. Eit slikt forenkla prosjekt ligg til grunn for regjeringa sitt val av løysning, det såkalla minimumsalternativet, som blei tatt i 2025.
Som ein del i underlaget for regjeringas avgjerd, blei det gjennomført ekstern kvalitetetssikring av utgreiinga for Nationaltheatret. Kvalitetssikringsrapporten frå 2025 viser òg til store utfordringar knytt til plasseringa av eit eventuelt påbygg til Nationaltheaterbygningen mot vest, og at det er vesentleg usikkerheit knytt til kollektivinfrastrukturen i grunnen. Moglege krav frå kollektiveigarane og andre interessenter vil òg kunne medverke til auka investeringskostnader. Rapporten viser til at det er usikkert om løysinga i det heile er realiserbar innanfor ein akseptabel kostnad grunna dei mange utfordringane knytt til kulvertar for jernbane og t-bane og grunnforhold generelt. Kvalitetssikrarane konkluderte i rapporten med at det er høg sannsynlegheit for at investeringskostnadane vil bli høgare samanlikna med minimumsalternativet regjeringa har valt.
På bakgrunn av det underlaget vi har om grunnforhold mv., er eg overtydd om at regjeringa har valt ei god løysing både for den historiske teaterbygningen og for teatret si verksemd i framtida.