Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1500 (2025-2026)

Innlevert: 07.02.2026
Sendt: 09.02.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Korleis vil statsråden sikra at ordninga med fritt val av behandlingsstad faktisk fungerer i praksis for ruspasientar, når fleire aktørar melder at økonomiske omsyn i sjukehusa i realiteten avgrensar pasienten sitt val?

Begrunnelse

I helsetalen i januar uttalte statsråden at han ønskjer å styrkja ordninga med fritt val av behandlingsstad. Dette er ei viktig pasientrett, særleg for ruspasientar som ofte har samansette behov og avgrensa moglegheit til å kjempa for eigne rettar.

Samstundes melder fleire aktørar innan rus og psykisk helse at ordninga ikkje fungerer slik ho er meint. Det blir peika på at når pasientar ønskjer behandling utanfor eige sjukehusområde, utløyser dette interfakturering mellom sjukehusområda, noko som skapar sterke økonomiske insentiv. Vurderingseiningane ved fleire sjukehus skal etter det som blir meldt ha klare føringar som i praksis styrer pasientar bort frå ideelle aktørar i andre delar av regionen.

Dette reiser spørsmål om fritt val av behandlingsstad i realiteten berre eksisterer på papiret. Når statsråden no har varsla ei styrking av ordninga, er det derfor viktig å få klarlagt kva konkrete grep som skal sikra at pasienten sitt val faktisk blir respektert i møte med økonomiske og administrative omsyn.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig