Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1499 (2025-2026)

Innlevert: 07.02.2026
Sendt: 09.02.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Kva har statsråden konkret gjort for å betre tilbodet til menneske med alvorlege rus og psykiske lidingar eitt år etter at Riksrevisjonen gav si sterkaste kritikk av ROP tilbodet, og korleis meiner statsråden at tiltaka som er sette i verk møter dei manglane Riksrevisjonen peika på?

Begrunnelse

Den 6. februar 2025 la Riksrevisjonen fram Dokument 3:5 (2024–2025) om helse og velferdstenester til personar med samtidig rusmiddelliding og psykisk liding (ROP).
Riksrevisjonen nytta då si mest alvorlege kritikkform – «sterkt kritikkverdig» – mot fleire departement, mellom anna Helse og omsorgsdepartementet. Riksrevisjonen slo fast at helsetenesta ikkje har gjort nok for å tilpassa tilbodet til denne pasientgruppa, og at manglande samhandling, kapasitet og heilskap fører til at mange ikkje får den hjelpa dei treng.

Saka har vore behandla i Stortinget, og statsråden har gjort greie for overordna mål og planar. Samstundes opplever eg at det framleis er uklart kva konkrete endringar som faktisk er gjennomførte for ROP pasientar i praksis.

Mange melder om for tidleg utskriving, redusert tilgang på døgnbehandling og manglande samanheng i oppfølginga.

Eitt år etter Riksrevisjonen si sterkaste kritikk er det difor nødvendig å få ei tydeleg oversikt over kva som er gjort, kva som eventuelt er endra, og korleis statsråden meiner dette svarar på dei alvorlege funna Riksrevisjonen dokumenterte.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig