Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Trond Helleland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1451 (2025-2026)

Innlevert: 04.02.2026
Sendt: 04.02.2026
Besvart: 11.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Trond Helleland (H)

Spørsmål

Trond Helleland (H): Kva var den opprinnelege kostnaden for ERTMS første gong Stortinget tok stilling til investeringa, kor mykje er så langt brukt på planlegging, administrasjon og investeringar til ERTMS (inkludert statsbudsjettet for 2026), og kor mange kroner er det anslått at manglar for å kunne fullføre innføringa av ERTMS?

Begrunnelse

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Den gjeldande kostnadsramma for ERTMS-prosjektet er 38,2 mrd. 2026-kroner. Ved handsaminga av Prop. 126 S (2015–2016) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane, jf. Innst. 406 S (2015–2016), vedtok Stortinget ei kostnadsramma for ERTMS-prosjektet på 26,7 mrd. 2016-kroner. Kostnadsramma er sidan berre prisjustert.
Ved utgangen av 2025 var det nytta om lag 10,7 mrd. kroner på prosjektet. Det inkluderer alle sider ved prosjektgjennomføringa, samt utbetalingar til støtteordninga for ERTMS-utstyr om bord i toga. Av dette beløpet inngår 0,5 mrd. kroner ikkje i kostnadsramma. Det gjeld i hovudsak kompensasjon for endring i valuta og planlegging av ERTMS på Alnabru godsterminal. Det er anslått å nytte om lag 1,1 mrd. kr på ERTMS i 2026, inkludert den nemnde støtteordninga.
Fullmakta til å pådra forpliktingar for seinare budsjettår for trinn 2 i ERTMS-prosjektet er forlenga ut 2026, jf. Stortingets behandling av Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet (Innst. 13 S (2025–2026)). Bane NOR har starta prosessen med ekstern kvalitetssikring av neste trinnfullmakt for fasen fram til 2030. Det vil danne grunnlag for ev. framlegg for Stortinget om justering av fullmaktene knytta til prosjektet. Samferdselsdepartementet har hatt tett oppfølging av arbeidet med ERTMS overfor Bane NOR, Jernbanedirektoratet, Norske tog og Statens jernbanetilsyn. Jernbanedirektoratet følgjer utviklinga i risikoane gjennom det heilskaplege risikostyringssystemet for sektoren. Departementet vil fortsette dialogen med Bane NOR og Jernbanedirektoratet om naudsynte endringar i arbeidet med ERTMS i sektoren i lys av det identifiserte risikobiletet. Eg vil kome tilbake til Stortinget i budsjettprosessen for å orientere om status for prosjektet.