Skriftlig spørsmål fra Aleksander Øren Heen (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1141 (2025-2026)
Innlevert: 13.01.2026
Sendt: 14.01.2026
Til behandling

Aleksander Øren Heen (Sp)

Spørsmål

Aleksander Øren Heen (Sp): Deler statsråden bekymringa til underteikna om at tamreininnblanding svekker den genetiske eigenarten til villreinbestanden, medfører auka smitterisiko, og vil statsråden igjen følgje opp saka om riktig kartgrunnlag og eventuelt når kan me forvente å få eit kartgrunnlag som stemmer med gitte konsesjonar?

Begrunnelse

Eg syner til tidlegare spørsmål 15:1085 (2024-2025) der statsråden svarar han er kjend med problemet med kartgrunnlaga for tamreinområde inn i villreinområdet Lærdal/Årdal, og at Statsråden har bedt Landbruksdirektoratet om å følgje opp saka og å prioritere denne.
Så langt har denne saka ikkje fått endra status trass i statsråden sin lovnad om prioritering for snart eitt år sidan.
Eg minner om at same lovnad vart gjeve i dialogmøte om tamrein i Lærdal/Årdal Villreinområde 30.01.2025, og er eitt av to oppfølgningspunkt i det omforente referatet etter dette møte.
Det har også i jakta i fjor (2025) blitt felt tamrein i villreinområdet, minst 13 stk som var merka, i tillegg vart det i jakta drive tamrein ut av villreinområdet.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig