Aleksander Øren Heen (Sp): Vil statsråden gjere greie for korleis kommunane skal fastsetje dette gebyret, og er det rutinar for å sikre at sjølvkostprinsippet faktisk blir fulgt i utmåling av desse gebyra?
Begrunnelse
Kommunane kan krevje gebyr for handsaming av byggesøknader i samband med byggesaker. Det er stor skilnad kommunane imellom på kor store desse gebyra er, og storleiken på gebyra blir fastsett i lokale regulativ. Når sjølvkostprinsippet skal ligge til grunn, er det rart at skilnadane skal vere så store mellom kommunane.