Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Stig Even Lillestøl (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:656 (2025-2026)

Innlevert: 30.11.2025
Sendt: 01.12.2025
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 08.12.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Stig Even Lillestøl (FrP)

Spørsmål

Stig Even Lillestøl (FrP): Kva konkret klimamessig gevinst ser ministeren for seg kan bli resultat av ei særnorsk CO₂-avgift på fiske i fjerne farvann?

Begrunnelse

Aktører i fiskerinæringa har i nyare tid meldt at ei CO₂-avgift på fiskeflåten gjer at ein tapar pengar på å bunkre i Norge. Dette fører til at båtar reiser til utanlandske hamner for å fylle drivstoff, noko ein kan spare store beløp på. I tillegg tapar ein verdifull tid til havs når ein må ta omvegar til utlandet, som heller kunne vore brukt på fiske. Dette svekkar konkurransekrafta og lønsamheita til norsk fiskeri, samstundes som dei globale CO₂-utsleppa går opp. Det finnes heller ingen alternative drivlinjer som kan nyttast på dei aktuelle fartøya som er utslippsfrie. På bakgrunn av dette er det vanskelig å sjå kva regjeringa ynskjer å oppnå ved å anvende CO₂-avgift på fiske i fjerne farvann.

Jens Stoltenberg (A)

Svar

Jens Stoltenberg: Ein grunnpilar i norsk klimapolitikk er at forureinar skal betale for sine utslepp. I dag er 85 pst. av norske utslepp prisa gjennom klimaavgifter eller EUs kvotesystem. Det er viktig at også fiskeflåten i størst mogleg grad vert omfatta av dette prinsippet. Frå 1. januar 2025 vart fritaket i CO₂-avgifta på mineralske produkt for fiske og fangst i fjerne farvann erstatta med ein redusert avgiftssats. Dei som fiskar i fjerne farvann, betaler ei CO₂-avgift som utgjer 25 pst. av det generelle avgiftsnivået for utslepp under innsatsfordelinga, som tilsvarar 0,93 kroner per liter mineralolje i 2025.
Noreg er ikkje åleine om å ha CO2-avgift på drivstoff til bruk i fiske. Island har ei CO₂-avgift som er i overkant av 2 NOK per liter drivstoff – langt høgare enn dagens sats for fiske og fangst i fjerne farvann i Noreg. I tillegg vert det ikkje gjeve kompensasjon ved bunkring av drivstoff på Island. Danmark har varsla innføring frå 2030.
Ei CO₂-avgift på fiskeflåten gjev insentiv til å kutte utslepp på kort og lang sikt. Når prisen på fossilt drivstoff aukar, gjev det insentiv til eit meir drivstoffeffektivt fiske. Energisparande tiltak, både tekniske og operasjonelle, er mogleg å gjennomføre i dag. Det er òg mogleg å bruke høgare del biodrivstoff eller LNG og biogass som alternative energiberarar.
Ei CO₂-avgift gjev òg eit viktig langsiktig prissignal som er naudsynt for å utvikle klima- og miljøvenleg teknologi. Noreg har valt ei løysing der fiskarar får kompensert om lag 50–70 pst. av kostnadene til CO₂-avgift basert på fangstverdien til fartøyet. Ordninga bidreg til å oppretthalde aktivitetsnivået og lønsemda i næringa, samstundes som insentiva til meir drivstoffeffektiv drift vert bevarte.
Regjeringa er medviten om at CO₂-avgifta på fiske i fjerne farvann kan ha sideverknader som auka karbonlekkasje. Risikoen for slike verknader er grunnen til at regjeringa ikkje har føreslått å trappe opp satsen for fiske og fangst i fjerne farvann frå 25 til 50 pst. av det generelle avgiftsnivået på klimaavgiftene i 2026, slik det vart varsla i Klimastatus og -plan for 2025. Regjeringa har òg føreslått å auke kompensasjonsordninga under Garantikassa for fiskarar frå 500 til 640 mill. kroner i 2026, samt å innføre ein mellomsats i CO₂-avgifta på mineralske produkt til dei som fiskar både i nære og i fjerne farvann. Desse forslaga vil gjere det meir attraktivt å bunkre i Noreg.
Eg følgjer utviklinga nøye og er alt, saman med klima- og miljøministeren og fiskeri- og havministeren, i gang med å vurdere kva verkemiddel som er føremålstenlege for klimaomstillinga i fiskeflåten. På bakgrunn av dette vil regjeringa ta stilling til vidare verkemiddelbruk for å kutte utslepp frå sektoren. I mellomtida er vi einige i budsjettavtalen om å vidareføre høvet for fiskeflåten til å bunkre som skip i utanriksfart. Dei som nyttar denne moglegheita, får fritak for avgifta.