Marthe Hammer (SV): I Sevilla i sommar vart FNs medlemsland einige om ei avtale med forpliktingar innan internasjonalt skattesamarbeid. Progressivitet i skattesystema for å bekjempe ulikheit, likestilling, klima og miljø, land-for-land-rapportering og eit globalt register for eigentlege eigarar var sentrale tema. I desember skal Noreg sende inn skriftleg innspel til forhandlingane om skattekonvensjon i FN.
Korleis vil Noreg følge opp forpliktingane i Sevilla-avtalen i innspelet til forhandlingane om ein skattekonvensjon i FN?
Begrunnelse
Oppnåing av berekraftsmåla er ein sentral grunn til at prosessen mot ein skattekonvensjon i FN starta. I mandatet (Terms of Reference – ToR) for skattkonvensjonen anerkjenne FNs generalforsamling at eit rammeverk for internasjonalt skattesamarbeid er avgjerande for oppnåinga av berekraftsmåla, i tillegg til at skattekonvensjonen skal bidra til oppfylling av menneskerettane.
Mandatet til komiteen som skal forhandle fram ein skattekonvensjon er tydeleg: ein rammekonvensjon om internasjonalt skattesamarbeid skal vere i tråd med Agenda 2030 og Addis Ababa Action Agenda, og bidra til å oppnå FN sine berekraftsmål. I formåla for konvensjonen står det at ein skal “etablere eit inkluderande, rettferdig, transparent, effektivt og virkningsfullt internasjonalt skattesystem for berekraftig utvikling, med sikte på å styrke legitimitet, forutsigbarheit, motstandsdyktigheit og rettferd i internasjonale skattereglar, samtidig som ein handsamar utfordringar knytt til styrking av nasjonal ressursmobilisering.” I sluttdokumentet frå den fjerde internasjonale konferansen om finansiering for utvikling, Compromiso de Sevilla, vart fleire beslutningar tatt for å sikre at skattkonvensjonen bidrar til berekraftig utvikling. Sluttdokumentet slår fast at medlemslandene vil fremme progressivitet og effektivitet i skattesystema for å bekjempe ulikheit. Dei vart også einige om å fremme progressive skattesystem og effektiv og rettferdig offentleg pengebruk. Dokumentet gir også grunnlag for å utrede initiativ som ein sentralisert, offentleg database for land-for-land-rapportar, og eit globalt register over reelle rettighetshavere. FNs medlemsland bekrefta også at oppfyllinga av menneskerettar og grunnleggande fridomar for alle – inkludert sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettar – også inkluderar retten til utvikling.