Frank Edvard Sve (FrP): Korleis vurderer statsråden dagens handsaming av klager med tanke på å sikre uavhengig og upartisk klagehandsaming, og korleis meinar statsråden at dagens praksis i klagesaker bidrar til god forvaltningsskikk og god rettstryggleik for innbyggarane?
Begrunnelse
Eg har fått tilbakemelding frå fleire som sender klage på helsehjelp til statsforvaltar, der statsforvalter ikkje handsamar, eller tek stilling til innhaldet i klagen.
Statsforvaltar sender istaden klagen vidare til sjukehus det vert klaga på, for vidare oppfølging.
Statsforvaltar uttalar også at det er normal praksis at statsforvaltar overlet til behandlande sjukehus å følge opp klagen på helsehjelp. Altså det organ som det vert klaga på, skal handsame sin eigen klage.
Eg kan ikkje sjå at dette er i tråd med god forvaltningsskikk. Klageinstituttet må sørge for rettstryggleik for innbyggarane og bidra til at tilliten til forvaltninga vert oppretthalden.
For at tilliten til offentlege tenester skal kunne oppretthaldast vil det vere viktig at klagehandsaminga er uavhengig for å sikre tilliten til klageinsituttet og viktige velferdstenester.
Pasient og brukarrettigheitslova gir alle rett til forsvarleg helsehjelp, informasjon, innsyn i journal samt klageadgang. I praksis kan det sjå ut som dette ikkje blir oppfølgt, spesielt med tanke på klageadgangen.
Det kan også vere krevande å sikre uavhengigheit og tillit til systemet når det kan være nære band mellom helseforetak og statsforvaltar. Spesielt viktig vil det være å bidra til god tillit når staten sjølv er sett til å kontrollere statleg verksemd. Det handlar om god rettstryggleik for innbyggarane