Jenny Klinge (Sp): Kan statsråden orientere om, og eventuelt korleis, det i arbeidet med dei nordiske og nasjonale kosthaldsråda i HOD, Helsedirektoratet eller andre underliggande organ/forvaltning har vore brukt ekstern kommunikasjonsrådgiving i utforminga av den faglege og/eller politiske bodskapen i perioden 2017-2025?
Begrunnelse
Utforming av kosthaldsråda skal vera prega av faglege vurderingar, men fag og forsking er heile tida under utvikling og gjenstand for (faginterne og offentlege) debattar. Det ligg sjølvsagt også politikk i både dei nordiske og dei nasjonale kosthaldsråda.
Det er ein politisk dimensjon ved bodskapen kring eksisterande kosthaldsråd, og ved arbeidet med og bodskapen om kosthaldsråd som er under utvikling. Samt ved nye kosthaldsråd som myndigheitene skal orientere om.
Offentleg pengebruk til eventuelle kommunikasjonsbyrå eller andre eksterne krefter som bidreg til utforminga av bodskap/kommunikasjon/argumentasjon er eit tema i seg sjølv. Det er også interessant å vita korleis helsemyndigheitene går fram når dei utformar den bodskapen som dei skal bruke i møte med andre aktørar i ulike prosessar som gjeld kosthaldsråda. Dessutan korleis helsemyndigheitene går fram når dei skal informere og/eller delta i debatt offentleg om tematikken kosthaldsråd, både medan slike råd er under utvikling og når det føreligg ferdige kosthaldsråd for ein periode.