Jenny Klinge (Sp): Vil statsråden ta initiativ til regelendringar for bruk av billys som tener til betre trafikksikkerheit og som er mindre til ulempe for møtande trafikantar?
Begrunnelse
I 2018 kom det nye reglar for bruk av billys. I praksis vart ein del restriksjonar oppheva som hindra at møtande trafikantar fekk uforhaldsmessig sterkt lys - og for høgt stilt lys - mot augene. Desse restriksjonane var etter mitt syn veldig fornuftige med tanke på trafikksikkerheita, men òg for å hindre unødvendig ubehag og forsterka helseproblem for andre trafikantar.
Det er mange med normalt syn som òg slit med dei sterke og/eller høgt stilte lysa som mange bilar no etter 2018 køyrer med, og med nye lystypar som har vorte tekne i bruk (som gir kaldare lys, slik eg forstår det). For dei som er lyssensitive og som får meir smerter av sterkt lys, til dømes forsterka migrene, er det ei direkte ulempe. Det kan skape stort ubehag, forstyrre synet medan dei køyrer og såleis hindre somme i å køyre bil i mørket – eller bidra til at dei ikkje fungerer optimalt som sjåførar.
Eg håpar statsråden vil sjå nærare på denne problematikken og koma til Stortinget med framlegg til regelendringar knytt til billysbruk som kan tene både til betre trafikksikkerheit og mindre ubehag for møtande trafikk.