Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:3194 (2024-2025)
Innlevert: 25.09.2025
Sendt: 25.09.2025
Besvart: 01.10.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er status for prosessen med oppretting av eit marint verneområde i Korsfjorden?

Begrunnelse

I eit tidlegare skriftleg spørsmål frå representanten Ane Breivik (V) i 2023 om Korsfjorden i Vestland informerte statsråden om at prosessen med marint vern av Korsfjorden var til behandling i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet. Det har ikkje kome oppdateringar sidan den gongen. Melding om oppstart av vern av området vart sendt frå statsforvaltaren i 2015. Korsfjorden har eit stort mangfald av artar med stor betydning. Korsfjorden er eit marint område med tareskog og særs rikt artsmangfald, og fjorden har verdifulle område med raudlista artar som bør vernast.
Etter regjeringa sitt framlegg til ny lov om vern av norske havområde og Noreg si tilslutning til internasjonale avtalar og internasjonale forpliktingar om havvern, er det naturleg å rette blikket mot Korsfjorden. I Noreg finst det store marine område med unike økosystem og mangfald som bør vernast og reknast som viktige. Arbeidet med vern er særleg viktig for å sikre kritiske marine område som Korsfjorden.

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: Vern er vårt viktigaste verkemiddel for å bevare marin natur i eit langsiktig perspektiv.
I Meld. St- 35 (2023-2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur — Norsk handlingsplan for naturmangfold vert det slått fast at regjeringa vil vidareføre prosessane som er satt i gang for marine verneområde. Det er starta verneprosess for alle områda i marin verneplan frå 2004 som ligg innafor territorialgrensa, og desse er på ulike stadar i verneprosessen.
Krossfjorden (også omtalt som Korsfjorden) er eit av områda som er ein del av marin verneplan frå 2004. Området har som representanten seier eit stort mangfald av artar, mellom anna korallar, kalkalgar og store tareskogar. Desse tareskogane er viktige for naturen si evne til å binde og lagre karbon, og fungerer òg som leveområde for mange marine dyr, og som oppvekst og næringssøkområde for mange fiskeslag og for sjøfugl. Klima- og miljødepartementet mottok Miljødirektoratet si tilråding om å opprette Krossfjorden marine verneområde i 2019, og i 2021 fekk vi enkelte supplerande vurderingar om mellom anna tilhøvet til mogeleg akvakultur i området. Saka er for tida til vurdering i departementet, og blir òg sett i samanheng med andre verneframlegg i Vestland fylke.
Før sommaren vart Lov om vern av marin natur utenfor territorialfarvannet (havvernloven) vedteke. Lova vil tre i kraft 1. januar 2026. For at vi skal kunne bidra i gjennomføringa av målet i naturavtalen om 30 prosent bevaring innan 2030, vil både den nye lova og arbeidet med opprettinga av marine verneområde etter naturmangfaldlova vere svært viktig.