Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3118 (2024-2025)
Innlevert: 12.09.2025
Sendt: 12.09.2025
Besvart: 19.09.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Korleis vil statsråden syte for at prosjektet RV13 Rødsliane snarast mogleg vert realisert i tråd med budsjettavtala for statsbudsjettet 2022 mellom Ap, Sp og SV?

Begrunnelse

Statsråden har brukt lang tid på å fylgje opp vedtaket. Få dager etter valet kom meldinga om at prosjektet vert utsett. Det var ikkje sett noko maksgrense for kostnad i budsjettavtala.
Vegen er rasfarleg og det er eit stort engasjement i Ryfylke for å få realisert prosjektet no. Det er avgjerande viktig for tryggleiken langs RV13 at prosjektet vert realisert snarast råd.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til Stortinget si behandling av Prop. 88 S (2023–2024) Utbygging og finansiering av E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus, kostnadsramme for rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Rogaland og forskotering i vegsaker og Innst. 333 S (2023–2024), der Stortinget fatta vedtak om kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane. Statens vegvesen fekk delegert fullmakt til å forplikte staten for prosjektet i supplerande tildelingsbrev nr. 13 2024, datert 3. juli 2024.
Statens vegvesen gjennomfører no ein anbodsprosess for prosjektet og har vore i dialog med fleire entreprenørar. Samferdselsdepartementet er gjort kjent med at vedståingsfristen er utsett til 10. oktober 2025. Statens vegvesen arbeider for å realisere prosjektet innanfor dei rammene Stortinget har vedtatt. Statens vegvesen tar sikte på anleggsstart i 2025, men det kjem an på den pågåande anbodsprosessen. Dersom det skulle vise seg at det ikkje er mogleg å gjennomføre prosjektet innanfor gjeldande kostnadsramme vil eg komme tilbake til Stortinget på egna måte.