Hege Bae Nyholt (R): Kva vurderingar ligg til grunn for å ikkje fase ut alderspoeng ved same studieår som ein gjer endringar i kvotene, og ser statsråden at dette kan få uheldige konsekvensar for dei yngste studentane i ordinær kvote?
Begrunnelse
Regjeringa skal gjera endringar i opptaksforskrifta. Den har nå vore på høyring. Der blir det lagt opp til at fleire endringar, som Raudt støttar opp om. Mellom anna fjerning av alderspoeng og utviding av førstegongskvote. Regjeringa legg opp til å auke førestegongsvitnemålskvota allereie frå opptak til studieåret 2026/2027. Ikkje før året etter skal alderspoenga fjernast. Ein konsekvens av dette vil kunne var at det blir større karakterinflasjon for studentar i ordinær kvote studieåret 2026/2029. Dette vil særleg ramma dei yngre studentane i ordinær kvote, som ikkje har alle alderspoenga.