Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3087 (2024-2025)
Innlevert: 04.09.2025
Sendt: 04.09.2025
Besvart: 11.09.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kva er grunnen til at NFD har brukt snart eit år på å handsame ei sak om sal av krillkonsesjonar som Fiskeridirektoratet på si side brukte tre verkedagar på?

Begrunnelse

Fiskeridirektoratet brukte i juni 2024 tre verkedagar på å handsame søknaden frå Aker Biomarine om sal av ein kontrollerande del av selskapet si krillverksemd til det amerikanske investeringsfondet American Industrial Partners. I august 2024 fekk NFD for første gang saka på sitt bord, og departementet har sidan hatt transaksjonen til vurdering.
Så seint som i juni i år sendte departementet fleire spørsmål til advokatane til det som no heiter The Qrill Company. Svarfristen var så lang som til den 5. september. Dette tyder på at ei avgjerd i saka enno ligg eit stykkje fram i tid.
Direktoratet si raske handsaming sett opp mot departementet si lange handsamingstid gir grunn til bekymring for dei av oss som er opptekne av å sikre norske interesser i krillfisket. Slik eg vurderer saka, er det grunn til å frykte at denne noko merkelege prosessen kan vera til ulempe for andre norske krillinteressentar. Uavhengig av kva konklusjon departementet kjem fram til, er både direktoratet og departementet si handsamingstid kvar på sitt vis uheldig. Det reiser spørsmål om kvaliteten på direktoratet si handsaming. Samstundes er det uforståeleg for meg at departementet har drege ut sakshandsaminga så mykje, gitt sakas innhald og problematikken kring deltakarlova, samt at både eg og andre stortingsrepresentantar har etterlyst politiske vurderingar kring saka og problematikken frå NFD i mange månader allereie. Det framstår som om NFD ikkje har teke saka på alvor når dei no mellom anna har venta i trekvart år med å stille spørsmål som burde vore stilt tidleg i prosessen, og når det attpåtil ligg føre ein så lang svarfrist.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Den aktuelle saka som departementet for tida ser på, gjeld eigarendringar i selskapet Aker BioMarine Antarctic AS, ikkje sal av krillkonsesjonar.
Fiskeridirektoratet godkjende 3. juli i fjor dei aktuelle eigarendringane i selskapet Aker BioMarine Antarctic AS. Dette vedtaket vart ikkje påklaga, og departementet har såleis aldri fått saka på sitt bord til ordinær handsaming. Eigarene kunne difor gjennomføre eigarendringane i medhald av vedtaket frå Fiskeridirektoratet.
Som kjent har det likevel i etterkant vore relativt stor merksemd rundt transaksjonen og om usemja mellom Aker BioMarine Antarctic AS og eit anna krillselskap, Rimfrost AS. Dette er ein del av bakgrunnen for at departementet på eige initiativ i ettertid har funne grunn til å sjå nærare på omstenda rundt eigarendringane. Dette arbeidet tek departementet på alvor, men det vil ta tid og på ordinær måte skje i dialog med parten i saka, Aker BioMarine Antarctic AS.
Så lenge saka er i prosess i departementet, kan eg ikkje kommentere innhaldet i ho.