Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:3086 (2024-2025)
Innlevert: 04.09.2025
Sendt: 04.09.2025
Besvart: 09.09.2025 av forsvarsminister Tore Onshuus Sandvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Det spesialtilpassa SAS-flyet som Forsvaret mellom anna bruker til luftevakuering av skada ukrainske soldatar til sjukehus i Europa (MEDEVAC), går mot slutten av si levetid på grunn av maksgrenser for driftstimar og flyoperasjonar.
Kan Forsvarsministeren forsikre om at det er nødvendig framdrift i arbeidet med å få på plass eit nytt spesialtilpassa fly i tide til å unngå avbrot i dette viktige norske bidraget til Ukraina, når vil det nye flyet stå klart og ligg det føre ein plan for å handtere ei eventuell forseinking?

Begrunnelse

Flyet omtalt i spørsmålet blir også nytta til andre typar luftevakueringsoppdrag av norske og andre statsborgarar og har mellom anna blitt brukt i samband med evakuering frå krigen på Gaza, jordskjelvet i Tyrkia, Kongen sin sjukdom på utanlandsreise etc - men har dei to siste åra først og fremst blitt brukt til å bistå Ukraina.
I følgje pressemelding frå Forsvaret i mai 2025, er det i perioden 2022-2025 evakuert over 3.300 såra og sjuke ukrainske pasientar og pårørande til sjukehus i Europa.

Forsvarsministeren sa i mai 2025 at «Vi er stolte av å kunne fortsette dette viktige arbeidet. De medisinske evakueringene vil fortsette i takt med behovene som melder seg fra de ukrainske helsemyndighetene.» (Pressemelding frå regjeringa 9/5-25).

Eg og Venstre tolkar dette som at regjeringa vil sørge for å halde fram med transporten også etter at noverande avtale med EU om medisinsk evakuering utløper i mars 2026, og noverande avtale mellom Forsvaret og SAS utløper på same tidspunkt.

Tore Onshuus Sandvik (A)

Svar

Tore Onshuus Sandvik: Eg kan forsikre stortingsrepresentant Bjørlo om at regjeringa har høg merksemd på dette viktige bidraget. Forsvarsdepartementet har ansvar for anskaffing og vidareføring av flykapasiteten, medan Helse- og omsorgsdepartementet følgjer opp dei helsefaglege sidene og mottakskapasiteten i Noreg og elles i Europa.
Det er signert ein ny avtale med SAS som skal ivareta leveransane vidare, ettersom dagens SAS-maskin, som rett peikt på, er i prosess med å bli utfasa. Dei nye SAS-maskinane vil vere klare for levering når det medisinske materiellet er skaffa.

Regjeringa legg til grunn at medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina skal kunne førast vidare utan avbrot. Det blir arbeidd med nødvendige tiltak for å sikre både kontinuitet og beredskap dersom det skulle oppstå forseinkingar.