Geir Pollestad (Sp): Næringsdepartementet utnemnde 29. august advokat Mads Magnussen til direktør i Konkurransetilsynet for seks år frå 1. januar 2026. I lys av situasjonen med aukte matvareprisar er det særs viktig med ein offensiv, uredd og uavhengig konkurransdirektør. Det kjem no fram informasjon i media, m.a. i Nettavisen 2. september, som problematiserer utnemninga.
Kan næringsministeren forsikre oss om at den nye konkurransedirektøren vil vere offensiv, uredd og uavhengig overfor aktørane i daglegvarebransjen?
Begrunnelse
Mads Magnussen er ny direktør for Konkurransetilsynet, men valet har skapt debatt. Han kjem frå advokatfirmaet Wikborg Rein, der han nyleg har representert NorgesGruppen – den største aktøren i daglegvaremarknaden. Mellom anna har han vore involvert i oppkjøpet av Vitusapotekene, ei sak som framleis er til behandling hjå Konkurransetilsynet. Fleire ekspertar uttrykkjer uro. Professor Bent Sofus Tranøy meiner utnevninga svekkjer tilliten til tilsynet og kallar det eit døme på «bananrepublikk-tendensar». Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt har også uttalt seg. Magnussen kan bli inhabil i saker han har hatt direkte rolle i, som den såkalla prisjegersaka, der daglegvarekjedene har fått milliardbøter. Gjeve situasjonen der norske forbrukarar opplever ein særs stor prisauke på mat og det er mistanke om dårleg konkurranse i daglegvaremarknaden, er det svært viktig at ny konkurransedirektør vil vere offensiv, uredd og uavhengig overfor aktørane i daglegvarebransjen. For alle nordmenn som et og kjøper mat er det viktig å vete om næringsministeren har gått alle dei naudsynte stega for å finne den konkurransedirektøren som er best i stand til å bidra til lågare matprisar. Dei høge matprisane er utfordrande for kvardagsøkonomien til mange nordmenn, og det er å vente at næringsministeren gjer sitt ytste i dette spørsmålet.