Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3079 (2024-2025)
Innlevert: 03.09.2025
Sendt: 03.09.2025
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa fortsett følgje opp ekspertutvalets tilråding om U-864 om å hente opp så mykje som mogleg av kvikksølvet før tildekking, eller har regjeringa lagt inn nyte føringar om at ein hevingsoperasjon skal vere økonomisk forsvarleg, og kan statsråden i tilfelle gjere greie for kva regjeringa meiner er økonomisk forsvarleg nivå?

Begrunnelse

Støre - regjeringa som Sp var ein del av, gjekk inn for å følgje opp ekspertutvalets rapport om ubåten ved Fedje om heving av lasta før tildekking av vrak ,og at dette skulle gjerast gjennom ei trinnvis tilnærming. Målet var å heve mest mogleg av kvikksølvet. No er eg usikker på om Støre- regjeringa utan Senterpartiet faktisk vil gjere dette, sidan Kystverket no har lagt til setningar om dei også skal vurdere om ei heving vil vere økonomisk forsvarleg før dei gir sin tilråding.
I 2025 blei det gjennomført eit omfattande undersøkingstokt av ubåtvraket, på oppdrag av Kystverket. Bakgrunnen for undersøkinga er at Stortinget har vedtatt at det skal gjerast ei ny vurdering og ei grundig kartlegging av vraket om områda rundt. På Kystverket sine nettsider kan vi lese at : «(..) Formålet er å gi en faglig anbefaling. Bør man forsøke å hente å kvikksølvbeholdere før tildekking – eller gå rett til tildekking ? Miljørisiko skal tillegges avgjørende vekt, og en eventuell hevingsoperasjon må vøre økonomisk forsvarlig(..)»
Eg reagerer på at Kystverket har tatt inn i sitt arbeid at dei skal vurdere om ein hevingsoperasjon vil vere økonomisk forsvarleg Eg meiner at dette er eit overordna politisk spørsmål. Eg meiner også at Kystverket synes å tone ned oppdragets formål om å sjå korleis ein kan heve mest mogleg av lasta.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig