Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:3076 (2024-2025)
Innlevert: 02.09.2025
Sendt: 03.09.2025
Besvart: 10.09.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan Næringsministeren gi Stortinget ei fullstendig oversikt over den nye Konkurransedirektøren sine klientforhold i noverande jobb som kan gjere han inhabil i sin nye jobb, og kva vurderingar har Regjeringa gjort av konsekvensar for tilliten til Konkurransetilsynet av at den nye Konkurransedirektøren har nære bindingar/ klientforhold til den største aktøren på dagligvaremarkedet, og evt også andre aktørar på marked som Konkurransetilsynet har ansvar for?

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Konkurransetilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag: Fremje konkurranse til fordel for forbrukarane og næringslivet. I dag pregar raske endringar og nye utfordringar samfunnsutviklinga. Det stiller høge krav til konkurransepolitikken og Konkurransetilsynet.

Med omfattande erfaring som advokat innan konkurranserett, og med erfaring frå EFTA-domstolen og som juridisk direktør i Konkurransetilsynet, har Magnussen solid konkurransefagleg kompetanse. Magnussen har i tillegg lang erfaring som dommar. I den perioden var han også settekonkurransedirektør. Med si erfaring frå både privat og offentleg sektor, er Mads Magnussen svært godt kvalifisert til å leie Konkurransetilsynet framover.

Magnussen har teieplikt om klientforhold etter reglane om teieplikt for advokatar, og kan derfor ikkje uttale seg om slike forhold. Det er likevel kjent at Magnussen har hatt oppdrag for NorgesGruppen. Frå og med utnemninga vil ikkje Magnussen jobbe med saker som har med Konkurransetilsynet å gjere, og han sluttar i Wikborg Rein Advokatfirma før han tiltrer som konkurransedirektør.

Det er den enkelte tilsette i offentleg sektor som har ansvar for å vurdere habiliteten sin. Det at Magnussen har hatt NorgesGruppen som ein av sine klientar gjer han ikkje automatisk inhabil i alle saker som gjeld NorgesGruppen. Habilitet skal vurderast konkret i kvar einskild sak. Spørsmål om habilitet oppstår i saker som Magnussen har vore involvert i som advokat. Magnussen har erfaring med å gjere slike vurderingar, blant anna som dommar.

Konkurransetilsynet har gode rutinar for å handtere spørsmål om habilitet. For pågåande saker hos Konkurransetilsynet som Magnussen har vore involvert i som advokat, vil det oppnemnes settekonkurransedirektør. Dette er i tråd med gjeldande rutinar, og er også gjort ved andre anledningar, der tidlegare konkurransedirektørar har vore inhabile. Eg har derfor full tillit til at Konkurransetilsynet også framover vil behandle saker med same profesjonalitet og høge faglege standard som i dag.