Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3025 (2024-2025)
Innlevert: 27.08.2025
Sendt: 27.08.2025
Besvart: 03.09.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): I samband med havbruksmeldinga erkjenner regjeringa at det trengst eit nytt regelverk for regulering av miljøpåverknad, lakselus og dyrevelferd i oppdrettsnæringa. Villaksen og miljøet i fjordane er hardt pressa mange stader og det hastar med tiltak.
Kan næringsministeren love å legge fram eit forslag før sommeren 2026 om regjeringa Støre får ny tillit frå veljarane?

Begrunnelse

Rekordmange lakseelver er stengt for fiske i sommer fordi villaksbestanden er hardt pressa. Mange er uroa for det som skjer i havet med. Kombinasjon av høge temperaturer og store utslepp av gjødsel frå oppdrettsanlegg. NIVA forsker Espen Lydersen har rekna ut at utsleppa av nitrogen og fosfor frå oppdrettsnæringa tilsvarer utslepp frå 40-60 mill. menneske og utgjer 71% av menneskeskapte utslepp til sjø.

I innstillinga frå Storingets Næringskomité til Havbruksmeldinga Innst. 525 S(2024-2025) gav komiteen full støtte til at det er utfordringer med dagens system: «Komiteen viser til at meldingen beskriver utfordringer i dagens system, herunder knyttet til miljøpåvirkning, lakselus, rømming, fiskevelferd og insentivstrukturen i trafikklyssystemet. Komiteen registrerer at det med dagens system styrer mot gult i alle produksjonsområder.

Det nye systemet, som foreslått i havbruksmeldingen, skal regulere den faktiske påvirkningen som akvakultur har på miljø, fiskehelse og fiskevelferd. Reguleringen av akvakultur skal i all hovedsak fremgå av bestemmelser i lov og forskrift fremfor vilkår i enkeltvedtak eller tillatelser.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at norske elver er leveområdet til en tredel av de globale villaksbestandene, og at det derfor hviler et tungt ansvar på norske myndigheter for å ta vare på livet i de norske fjordene og vassdragene

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Dersom vi skal ha ei berekraftig akvakulturnæring i framtida, må miljøpåverknaden ned og fiskevelferda opp. Miljøtilstanden langs kysten og dødelegheitstala i akvakultur dei siste åra viser at det er naudsynt med monalege endringar i reguleringa av akvakulturnæringa. Difor la regjeringa i vår fram Meld. St. 24 (2024–2025) Fremtidens havbruk, som presenterer eit nytt og meir heilskapleg system for forvaltninga av akvakulturnæringa.
I samband med handsaminga av meldinga på Stortinget vart det oppnådd eit breitt forlik mellom Ap, H, Sp, Frp, V og SV. For meg er det viktig at overgangen til eit nytt system er breitt politisk forankra, og at vi nå har oppnådd semje om retninga for havbruksforvaltninga i framtida. Det sikrar føreseielegheit både for næringsliv og lokalsamfunn langs kysten.
Regjeringa arbeider no med å følgje opp Stortinget sine vedtak. I tråd med det vi skisserte i meldinga og Stortinget sine vedtak, skal vi gjere nærare utgreiingar, både av alternativ til dagens reguleringssystem og av alternativ innanfor dagens system. Målet er å få på plass eit nytt system så raskt som mogleg, og helst i neste stortingsperiode. Samstundes er det viktig at vi gjer dette på ein måte som sikrar føreseielegheit og som står seg over tid.
Eg vil understreke at vidare utgreiingar ikkje vil starte på null, men byggje på dei utgreiingane som allereie er gjennomførte, inkludert Havbruksutvalet sin NOU 2023: 23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdiskaping. Vi ønskjer også innspel slik at vi kan få det nye systemet så godt som mogleg.
Akvakulturnæringa må likevel starte omstillinga til eit nytt system allereie nå. Eg vil difor aller fyrst følgje opp høyringa av vårt forslag om bruk av nedtrekt kapasitet i nullutsleppsanlegg. Stortinget har bedd regjeringa om å innføre ei slik ordning i 2025, samt om å fremje forslag om ei utvida ordning som også omfattar lågutsleppsløysingar i løpet av 2026. Det vil eg følgje opp snarast råd.
Til slutt ønskjer eg å leggje til at regjeringa i fjor vedtok eit nytt regelverk for forureining frå akvakultur i opne merdar i sjø. Det nye regelverket inneber mellom anna nye minstekrav til miljødokumentasjon for nye lokalitetssøknader og strengare krav til miljøovervaking under drift. Saman med ei omlegging frå individuelle utsleppsløyve til forskriftsfesta standardvilkår for forureining, skal søknadshandsaminga til styresmaktene bli meir effektiv, samstundes som miljøet blir teke vare på på best mogleg måte.