Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringen sørge for at Norge snarast trappar opp innsatsen for å ta i mot fleire skadde barn frå Gaza slik at Noreg kan gå foran og vise veg i det medisinske nødarbeidet, og kan statsråden snarast informere Stortinget om når dette kan skje?
Begrunnelse
Mange helsearbeidarar og organisasjonar i Noreg har underteikna ein kronikk/opprop som også skal vere sendt regjeringa. Dei er svært bekymra for den humanitære katastrofa på Gaza og særlig dei utsvolta og krigsskadde borna. Dei har eit sterkt ønskjer om at Norge må gjere meir for å hjelpe barna som lid, og gjere alt kva vi kan for å intensivere ei medisinsk luftbru. I kronikken skriv dei om at femti tusen barn er drept eller skada i Gaza, helsetenesta der ligg med broren rygg, og 1500 helsearbeidarar er drept. Når det mest basale sviktar, må medisinsk hjelp gis utanfor Gazas grenser. Norge må trappe opp innsatsen for skadde barn. I følgje oppropet har Noreg til no tatt i mot 28 evakuerte pasientar frå Gaza. Det har vore viktig for dei som fekk hjelp, men det er lang i frå nok. I følgje verdas helseorganisasjon ( WHO) ventar meir enn 4000 barn på evakuering for å få den helsehjelpa dei treng.
Gaza sine naboland og begrensa kapasitet, og europeiske land må ta ansvar. I oppropet blir regjeringa oppfordra til å lede an i dette arbeidet. Det blir også vist til at halvparten av sjukehusa i Gaza no er ute av drift, og dei resterande er overfylte med sterkt redusert kapasitet. Mange manglar smertelindring eter til dømes amputasjoner og kirurgi. Det er over 33000 barn som er skada.
Dei avsluttar sitt opprop med å vise til at Norge må lede an i ein internasjonal dugnad. Vi har eit av verdas beste helsevesen og kapasitet til å ta i mot langt fleire barn enn vi har gjort så langt. Oppropet er blant anna underskrive av både Legeforeningen og Sjukepleiarforbundet.