Ingrid Fiskaa (SV): Telenor har utlevert sensitive persondata om demokratiforkjemparar til militærjuntaen i Myanmar i lang tid etter kuppet i 2021. Selskapet medverka på denne måten til juntaen si forfølging av motstandsfolk.
Kva visste Nærings- og fiskeridepartementet om denne verksemda, og gjorde regjeringa noko forsøk på å rettleia Telenor den tida dei opererte under juntaen sitt styre?
Begrunnelse
Den norske staten er majoritetseigar i Telenor.
NRK har nyleg avslørt at Telenor utleverte persondata som gjorde det enklare for militærjuntaen å jakta demokratiforkjemparar. Ein av dei som selskapet utleverte data om, var den demokratisk valde leiaren av Myanmar, Aung San Suu Kyi.
1300 mobilkundar fekk trafikkdata utlevert eller telefonen blokkert etter krav frå kuppmakarane. Telenor sine eigne analysar viser at nesten 500 kundar stod i fare for å bli arrestert dersom Telenor delte dei sensitive dataa.
Telenor seier sjølv at dei aldri sa nei til krava frå juntaen.