Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Vil statsråden garantere at dagens campusstruktur ved universitet og høgskular med fleircampusorganisering, slik den har vore medan Ap og Sp sat i regjering saman, blir vidareført, slik at institusjonar som Universitetet i Søraust-Norge kan halde fram med fullverdige utdanningstilbod og forskingsmiljø på alle sine studiestader?
Begrunnelse
I Hurdalsplattforma understreka Ap og Sp i regjering at dei ville stille tydelege nasjonale krav til universitet og høgskular om geografisk nærvær for å møte regionale kunnskaps- og kompetansebehov. Stortinget har òg ved behandling av statsbudsjett slått fast at det er viktig å sikre tilgang til eit breitt utdanningstilbod uavhengig av kvar i landet ein bur, og at både éincampus- og fleircampusmodellar må støttast gjennom finansiering og styringsinsentiv.
Universitetet i Søraust-Norge (USN) har åtte campusar i ulike delar av regionen. Denne strukturen gir studentar i distrikta tilgang til forskingsbasert utdanning av høg kvalitet og styrkar det lokale og regionale arbeidslivet. Samstundes medfører ho meirkostnader knytt til drift, infrastruktur, koordinering av fagmiljø, studentdemokrati og kontakt med lokalt nærings- og samfunnsliv.
Sidan meirkostnadene ikkje i dag blir fullt ut kompenserte gjennom finansieringssystemet, er det allereie ei utfordring å sikre stabil drift av eit desentralisert tilbod. Endringar i campusstrukturen kan raskt svekke rekrutteringa, redusere fagmiljøa og skade regional samfunnsutvikling.
Når Ap og Sp sat i regjering saman, låg det ei klar politisk føring om å verne det regionale nærværet. For å gje tryggleik for studentar, tilsette, lokalsamfunn og arbeidsliv som er avhengige av USN og andre fleircampusinstitusjonar, er det viktig å få avklart om regjeringa vil garantere at campusstrukturen blir vidareført slik ho er i dag, utan sentralisering eller nedlegging.