Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2920 (2024-2025) Innlevert: 15.08.2025 Sendt: 15.08.2025 Besvart: 26.08.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss
Alfred Jens Bjørlo (V): Denne veka vart det kjent at dei innleverte tilboda om bygging av Stad Skipstunnel ligg høgare enn det opprinnelege kostnadsanslaget for 2021, på grunn av sterk kostnadsvekst i anleggsbransjen dei siste åra. Kan statsråden stadfeste at prosessen med sluttforhandlingar med ein eller fleire tilbydarar går vidare utan forseinkningar, slik at Stortinget raskast råd kan få ein reell oppdatert pris på bordet, og ikkje berre den "løypemeldinga før forhandlingar" som vi no er kjent med?
Marianne Sivertsen Næss: Anbodsprosessen for Stad skipstunnel er lagt opp som ein konkurranse med forhandlingar. Ved frist 10. juni, vart det levert inn tre tilbod, og desse tilboda er no til vurdering.Av konkurransemessige omsyn har ikkje Kystverket oppgitt detaljerte opplysningar om innkomne tilbod, men det har vorte kjent at innkomne tilbod ligg over kostnadsramma som Stortinget har vedteke.Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølginga av prosjektet Stad skipstunnel i samband med framlegginga av forslag til statsbudsjett for 2026.