Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Kva gjer statsråden for å rette opp i at ein kommune som Kragerø – med 10 000 innbyggjarar og éin time til Skien – blir definert som «grisgrendt», og korleis kan dette forsvarast særleg med tanke på sommarhalvåret når folketalet aukar til 60 000?
Begrunnelse
Kragerø kommune har ei fast befolkning på om lag 10 000 innbyggjarar, og ligg berre ein times køyring frå Skien. Likevel har Helsedirektoratet definert kommunen som «grisgrendt», noko som i praksis svekker ambulanseberedskapen i regionen. Innbyggjarane stiller seg uforståande til at ein kystkommune med god tilknyting til nærliggjande byar, og med eit lokalt senter som tener eit stort omland, blir likestilt med avsidesliggjande fjellbygder i forvaltningssystema.
Særleg ille blir dette i sommarhalvåret, når folketalet i Kragerø veks til opp mot 60 000. Den midlertidige befolkningsauken er velkjend og føreseieleg, og skaper eit reelt behov for styrka helsetenester – ikkje svekka. Like fullt blir kommunen ramma av at den feilaktige «grisgrendt»-definisjonen påverkar planlegginga av helseberedskap og ambulansetenester.
Då lokalsjukehuset i Kragerø vart lagt ned i 2014, lova helseføretaket ei styrka ambulanseteneste i retur. Det løftet er ikkje innfridd. Beredskapen er tvert imot svekt, og mange opplever at tryggleiken til pasientar og pårørande blir sett på spel – både året rundt og ikkje minst i høgsesongen.
Statsråden bør sørgje for at Helsedirektoratet si inndeling i «grisgrendte» og «tettbygde» område tek inn over seg både reell folketettleik og geografisk tilgjenge, og ikkje byggjer på rigide definisjonar som ikkje samsvarar med røyndomen.