Liv Kari Eskeland (H): Bønder i Noreg legg til rette for glamping på gardane sine. Gjestene, som treng ein plass og bu kan få oppleva gardsliv, få servert lokal mat, noko som er eit stort trekkplaster. Dette gjev også bøndene ei ekstra inntekt, noko som gjer gardsdrifte meir robust. Tabell 1.2 i Veil. "Garden Som ressurs" opnar opp for ei rekke tiltak. Det opereres likevel med ulik praksis i kommunane for å gje løyve for tiltak "glamping".
Kan statsråden stadfeste at vegleiaren opnar for at kommunane kan gje løyve dersom kommunen sjølv ønskjer dette?
Begrunnelse
I 2017 kom Veiledaren Garden som Ressurs. Denne vart utarbeidd av Landbruks og matdepartementet og kommunal og moderniseringsdepartementet i fellesskap. Målgruppa var kommunale sakshandsamarar og private tiltakshavarar. Dette er ein veiledar til plan- og bygningsloven, LOV 2008-06-27 nr. 71 (pbl.). Veiledaren dreier seg om bygge- og anleggstiltak og bruksendringar som ønskes gjennomført i områder som er avsett til landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift (LNFR) i kommuneplanens arealdel.
Veiledaren synleggjer og korleis landbruket og reindrifta kan vere innhaldsleverandørar for reiselivet og utvikla heilskaplege reiselivsprodukt.
I tabell 1.2 er ein rekke tiltak nemnd, mellom anna å tilretteleggja for aktivitetsanlegg for fritids og turistformål på gardsbruk. Denne tabellen er ikkje uttømmande.
Det er aukande etterspurnad etter genuine opplevingar, og både norske og utanlandske turistar ønskjer eit større mangfald av kulturelt innhald, mat og drikke som ledd i opplevinga. Landbruket og reindrifta kan levere eit variert innhald til det opplevingsbaserte reiselivet. Både landbruket, reindrifta og reiselivet er i stor grad stadbundne næringar som dreg veksel på kvarandre. Dei lokale ressursane er sentrale som grunnlag for verdiskaping for både distrikta, byar og bynære område. Den sentrale drivaren for å lukkast er privat initiativ, satsingsvilje og kjennskap til kva marknaden etterspør.
Glamping er ofte telt, domar eller tretopphytter som er enkelt innreia med seng og toalett kombinert med ein storslagen utsikt, bygd utan store naturinngrep.
For bønder er dette ein god moglegheit, da det er lav terskel for oppstart og glampinginnstlasjonar krev mindre investering enn tradisjonelle hytter. Tiltaka er og reversible slik at terrenget lett kan tilbakeførast til det opphavelege etter at geskjeften er avslutta.
Men ein registrerar at kommunen er usikre på korleis glamping skal handsamast då glamping er eit produkt som kom etter at vegleiaren vart utarbeidd.
Underteikna har registrert ulik praksis hjå kommunane noko også dei ulike produsentane av glampinghytter rapporterer om.
Ein kommunal planprosess tek svært lang tid, og er ueigna for bønder med stor tiltakslyst. Ber difor statsråden klargjera at glamping kjem innanfor formålet i vegleiaren sin tab 1.2.