Birgit Oline Kjerstad (SV): Vil statsråden ta grep for å sørge for at norske transpersonar får så god og oppdatert informasjon og reiseråd i samband med moglege reiser til USA, gitt den pågåande negative utviklinga i stoda for transpersonar i landet, og kva grep vil Noreg gjere for å betre situasjonen i landet?
Begrunnelse
I løpet av våren har me sett ei rekkje negative utviklingar for transpersonar sine rettar i USA. Etter at Donald Trump tok over som president har mellom anna føderale myndigheiter i landet blitt instruert om at dei berre skal anerkjenne mann og kvinne som kjønn, og at USA berre anerkjenner kjønnet tildelt ved fødsel. Dette har svært negative følgjer for amerikanske transpersonar.
Dette har også konsekvensar for transpersonar utanfor USA, som av ulike årsaker har tenkt å vitje landet. Ei rekkje land har oppdatert sine reiseråd, inkludert Noreg. Per no tilrår UDI følgjande: «Når du skal søke om ESTA eller visum til USA, er det to kjønnsbetegnelser å velge imellom: Mann eller kvinne. USA anerkjenner kun søkerens kjønn ved fødsel. Reisende hvis nåværende kjønn avviker fra kjønnet ved fødselen, anbefales å kontakte den amerikanske ambassaden før reisen for råd og veiledning.» Det vert også understreka at eit visum ikkje vil kunne garantere innreise, men at amerikanske immigrasjonsmyndigheiter tek ei avgjerd ved ankomst.
Samstundes opplevast ikkje dette tilstrekkeleg for at transpersonar føler tryggleik ved ei eventuell reise til landet. Organisasjonar som arbeider for rettane til skeive opplyser at mange vert redde for kva som kan skje ved grensa, og situasjonen framstår uføreseieleg. Mange fortel at dei ikkje tør å reise eller å kontakte am. Nyleg har også Foreininga FRI etterlyst ei tydeleggjering frå Utanriksdepartementet om tryggleiken for transpersonar som skal på reise, gitt den negative utviklinga i landet.