Jenny Klinge (Sp): Statsråden skriv i sitt svar til meg 30. juni om krillfiske i Antarktis at "departementet fann ikkje grunn til å ha innvendingar mot at direktoratet behandla søknaden om løyve til spesifisert nybygg på vanleg måte". Innhaldet i søknaden og definisjonen av "spesifisert nybygg" er av interesse. Var departementet og Fiskeridirektoratet i søknaden frå Aker BioMarine informerte om at denne søknaden gjaldt for eit spesialbygd fartøy for Rimfrost og Rimfrost sin teknologi, knytt til krillkonsesjonen som var tildelt Rimfrost?
Begrunnelse
Det fartøyet Aker/The Qrill Company søkjer om løyve knytt til er jo reint faktisk eit fartøy dei skal byggje om til noko anna. Etter mitt syn er dette noko anna enn eit "spesifisert nybygg", men det er dette statsråden kaller det når ho viser til at NFD ikkje har hatt innvendingar mot at sjølve ervervsløyvet kunne skje på vanleg måte. Det er altså enno eit ope spørsmål om definisjonen "spesifisert nybygg" er gyldig for det aktuelle skipet som Aker har kjøpt og seinare delt i to.
I praksis er situasjonen no slik at eit utanlandsk-kontrollert selskap er i ferd med å få monopol på utnyttinga av norske krillressursar i Antarktis. Dette er slik eg ser det, og som nemnt før, i strid med deltakarlova. Ei viktig side ved dette er at ny teknologi med ei mykje meir berekraftig hausting av ressursane ikkje vil bli teken i bruk på det omtalte skipet.
Dette er også slik, eg forstår det, i direkte strid med det som var avgjerande då Rimfrost vart tildelt konsesjon. Rimfrost vart då vurdert som den beste søkaren ut frå «hvordan hensynet til miljø og hensynet til innovasjon, forskning og utvikling har blitt ivaretatt.»
At norske fiskeriressursar no kjem under utanlandsk kontroll, er i seg sjølv særs bekymringsfullt og må handsamast politisk. For å sikre sterk norsk representasjon i Antarktis bør styresmaktene også bidra til at meir enn ein aktør kan delta i fisket. Dette var også ein føresetnad da konsesjonane blei utlyst. Når departementet gjer sine politiske vurderingar kring både krillkonsesjonar og ervervsløyve, er det ein viktig føresetnad at alle relevante opplysningar har kome fram.