Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2731 (2024-2025)
Innlevert: 30.06.2025
Sendt: 01.07.2025
Til behandling

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Vil statsråden vurdere å gjere om Mattilsynet sitt vedtak slik at levandedyrskontroll (ante-mortem kontroll) av oppdrettsvilt og småskala slakt av husdyr framleis vert utført av Mattilsynet innanfor eit fast gebyr?

Begrunnelse

Mattilsynet har endra sitt regelverk for levandedyrkontroll (ante mortem kontroll) for oppdrettsvilt og småskala slakting av husdyr gjeldande frå 1. mai i år.
Det framstår som ei administrativ avgjerd, utan politisk handsaming og utan høyring.
Til no har Mattilsynet hatt ansvar for både levandedyrkontroll før slakting og kjøtkontroll etter slakting, innafor eit fast gebyr på kr 180,- pr dyr.
No har dei overført ansvaret for levandedyrkontrollen til privatpraktiserande veterinær. Denne skal kursast og godkjennast av Mattilsynet. Kostnaden med denne kontrollen skal dekkjast av dyreeigar. Konsekvensen blir svært stor auke i kostnadane og i praksis vil det føre til at småskala slakting vert uaktuelt for mange som praktiserer dette no. Det er eit paradoks at regelverket for småskala slakting opnar for mange moglegheiter for grundarar og små selskap som vil utnytte lokale ressursar for verdiskaping og matproduksjon - men som no blir hindra av for høge kostnader på grunn av endringa denne våren.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig