Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2728 (2024-2025)
Innlevert: 30.06.2025
Sendt: 01.07.2025
Besvart: 03.07.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva månad kan ein forvente svar på Riksantikvaren si klagehandsaminga av Akershus fylkeskommune sitt avslag på Statens vegvesen sin søknad om dispensasjon frå Lov om kulturminner for bygging av brutårna på den nye Glommakryssingen?

Begrunnelse

Syner til dokument nr. 15:2300 (2024-2025), der eg viste til at ny Glommakryssing har vore jobba med over lang tid, det var eit av dei høgast prioriterte prosjekta i Nasjonal Transportplan 2025 -2036 som Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjeringa la fram i fjor vår og det står også høgt på prioriteringslista som Statens vegvesen offentleggjorde for nokre dagar sidan. Det er avgjerande at gjenståande spørsmål i planprosessen vert avklart raskt, slik at prosjektet ikkje risikerer å bli skuva ut i tid nok ein gong. Som svar på mitt spørsmål om korleis statsråden ville sikre at handsaminga hos Riksantikvaren av Akershus fylkeskommune sitt avslag på Statens vegvesen sin søknad om dispensasjon frå Lov om kulturminner for bygging av brutårna på den nye Glommakryssingen, ikkje bidreg til å forsinke eit av dei aller høgast prioriterte prosjekta frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet i Nasjonal transportplan 2025-2036, svara statsråden fyljgande: "Vedtaket fra Akershus fylkeskommune om avslag på dispensasjon for den valgte broløsningen er nå innklaget til Riksantikvaren. Det er Riksantikvaren som er rett myndighet til å avgjøre klagen. Riksantikvaren opplyser at de gir behandlingen av klagen høy prioritet, og at direktoratet er bevisst at det er viktig med en rask avklaring."

Det er no gått ein månad sidan statsråden sitt svar og det er framleis ikkje kome noko avklaring på saka. Det er særs viktig med ei rask avklaring for å hindre forseinking i prosessen.

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: Jeg har forståelse for at det er behov for en avklaring i saken. Prosjektet er høyt prioritert i Nasjonal transportplan, og berører samtidig nasjonalt viktige kulturmiljøverdier. Riksantikvaren har gjennomført en befaring og senere et møte med Statens Vegvesen, og vil motta utfyllende dokumentasjon innen 15. september. Riksantikvaren vil behandle klagesaken så raskt som mulig etter dette.