Kjersti Toppe (Sp): Korleis vil statsråden forklare at helseføretaka avviklar og reduserer tal på sengeplassar i psykisk helsevern, medan statsråden sjølv fortel til stortinget at denne nedbygginga har stansa opp, og når kan vi forvente at statsråden tar grep ein kan stole på i denne saka ?
Begrunnelse
Talet på døgnplassar for voksne i psykiatrien falt frå 3296 til 3275 i 2024, medan talet på plassar blei redusert frå 332 til 328 for barn og unge, ifølgje tal frå SSB. Til Dagens medisin 19.jun i 2025 uttalar statsråden at han " "(..) vil ta umiddelbart grep og innkalle til foretaksmøter der sykehusene vil få i oppdrag å levere en konkret og tidfestet plan for hvordan døgnkapasiteten skal økes i tråd med de faglige framskrivningene".
Spørsmålsstillaren har ved fleire høve tatt opp denne problemstillinga med statsråden i Stortinget, og fått inntrykk av det statrsåden klart har uttalt at no er reduksjon i sengeplassar i psykiatrien stoppa. Det er altså ikkje tilfelle, og det er uforståeleg at det først no blir gitt tydeleg signal til helseføretaka i ei så stor og vesentleg sak, med tydelege stortingsvedtak bak seg. ,