Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2688 (2024-2025)
Innlevert: 30.06.2025
Sendt: 30.06.2025
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil Helseministeren gjere for å sikre at ikkje Nordfjord Sjukehus som ein samla nasjonal modell for framtidas lokalsjukehus der dei ulike tilboda ved sjukehuset heng tett saman med kvarandre, herunder fullverdig indremedisinsk døgnavdeling med overvakingssenger, akutteam, skadepoliklinikk, dagkirurgi og God start-eining for fødekvinner i Nordfjord, blir bygd ned bit for bit som følge av pågåande innsparingsprosessar i helseforetaket og dermed riv grunnlaget vekk frå den samla sjukehusmodellen?

Begrunnelse

Då Arbeiderpartiet sist sat i regjering (2005-2013), vart ortopedisk avdeling og fødeavdelinga ved Nordfjord Sjukehus lagt ned. I staden ga dåverande regjering, med noverande statsminister som helseminister og noverande finansminister som statsminister, Helse Vest i oppdrag å utvikle ein nasjonal modell for «Framtidas Lokalsjukehus» ved Nordfjord sjukehus.

Modellen for «Framtidas Lokalsjukehus», jmf sluttrapport frå 2013, vart innført ved Nordfjord sjukehus bygd på tilrådingane og føringar frå regjeringa Stoltenberg, m a i brev til Helse Vest frå Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) i 2013, der Støre m a skriv følgande: «Modellen som er føreslått for Nordfjord sjukehus inneber eit sjukehus med indremedisinsk døgntilbod, skadepoliklinikk, eit breitt dagbehandlingstilbod, utvida og nye polikliniske tenester, psykisk helsevern og rusbehandling, ei «God Start»-eining og støttetenester.»

Modellen for Nordfjord Sjukehus inneber mellom anna at sjukehuset som del i det samla akutt-/ traumetilbodet for innbyggarane i Nordfjord skal vere eit eige akutteam/ stabiliseringsteam ved Nordfjord sjukehus, beståande av «anestesilege, spesialsjukepleiar (anestesi eller intensiv), indremedisinar, turnuslege, radiolog/radiograf, bioingeniør, lege og sjukepleiar frå skadepoliklinikken og ambulansepersonell. Teamet skal vere trent til mellombels å kunne løyse akutte problem på grunn av luftvegs- og respirasjonsproblematikk og om nødvendig legge ein pasient på respirator før vidaretransport til Førde eller Bergen.» (Sitat frå Sluttrapport for utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus, kap 5.5)

Nordfjord sjukehus har som del av det samla tilbodet også overvakingssenger (intensivseng kategori 2) integrert i indremedisinsk seksjon, som m a gjer at sjukehuset kan handtere vanlege akuttmedisinske tilstandar som sepsis, akutt hjartesvikt med lungeødem og KOLS-forverringar og sikre stabilisering og rask igangsetting av behandling.

Det samla somatiske tilbodet ved sjukehuset, inkludert medisinsk akuttberedskap og akutteam, heng også saman med tilbodet sjukehuset har innanfor psykatri og rus, mellom anna med ein regional ruspost.

God Start-eininga er etablert for å sikre eit godt tilbod til fødekvinner i Nordfjord, etter at Ap-regjeringa la ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig