Geir Inge Lien (Sp): Behandlar statsråden kommunar på Austlandet annleis enn kommunar på Vestlandet, og vil statsråden no gjere ei ny vurdering av Sandøya og Ona-Husøya sett i lys av at det no er opna for grensejusteringar?
Begrunnelse
Den 7. februar 2025 varsla den nye kommunal- og distriktsministeren Kjersti Stenseng (Ap) at det likevel ikkje blir nokon grensejustering for Sandøya og Ona-Husøya. Dette kom etter at den dåverande kommunal- og distriktsministeren Erling Sande (Sp) veka før støtta tilrådinga frå Statsforvaltaren om grensejustering.
Kommunalministeren sa til NRK den 7. februar i samband med saka: – "No er det på tide å bli ferdig med reversering, oppsplitting og grensejustering og bruke tid og krefter på å gi innbyggjarane gode tenester."
Den 23. juni gav kommunalministeren likevel godkjenning til at Gran kunne få flytte over til Akershus. Statsråden fører ein annan praksis for kommunar på Austlandet enn for kommunar på Vestlandet.