Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2609 (2024-2025)
Innlevert: 20.06.2025
Sendt: 23.06.2025
Til behandling

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Viser til statsrådens tidlegare svar på spørsmål eg leverte 28/2 og 26/5 i år om krillfiske i Antarktis. Statsråden opplyste først i sitt svar til meg 4/6 at Fiskeridirektoratet så tidleg som 28/2 hadde gjeve ervervsløyve.
Eg har no vorte kjent med at Fiskeridirektoratet i eit førebels svar den 20/1 opplyste at søknaden om ervervsløyve var sett på vent på grunn av ei avgjerd i NFD. Kva var årsaka til at søknaden først vart sett på vent og deretter at Fiskeridirektoratet vel fem veker seinare kunne godkjenne den?

Begrunnelse

Statsråden har i fleire månader vist til at spørsmålet kring løyve til krillfiske i Antarktis og forholdet til deltakarlova er noko departementet ser nøye på og tek på alvor. No har det kome fram at NFD i januar ba Fiskeridirektoratet sette saka på vent, men at direktoratet så seint i februar likevel kunne gi ervervsløyve til Aker. Det framstår såleis som om det har vore gjort ei politisk vurdering allereie i januar og februar som statsråden ikkje har opplyst Stortinget om trass i gjentekne spørsmål om saka både frå meg og andre. Slik eg ser det, er dette ervervsløyvet i strid med intensjonen i nettopp deltakarlova og eg meiner NFD burde gripe inn. No viser det seg at NFD brukte politisk handlingsrom allereie i vinter gjennom beskjeden dei gav til Fiskeridirektoratet om å avvente svaret til søkar. Det er viktig å få vita om det enno er eit politisk handlingsrom og i så fall også politisk vilje til å omgjera avgjerda.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig