Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:2590 (2024-2025)
Innlevert: 20.06.2025
Sendt: 20.06.2025
Besvart: 26.06.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Meiner finansministeren framleis at noverande system for etiske vurderingar av Oljefondets investeringar er tilstrekkeleg?

Begrunnelse

Eit knippe faghistorikarar har sett nært på alle israelske selskap som SPU er investert i, grunna openberr risiko for bidrag til okkupasjon eller krenking av individets rettar i krig og konflikt. Dei har funne fleire titals døme på selskap som, med open tilgjengeleg informasjon, viser seg å medføra uakseptabel risiko for dei grove brotsverka som no blir utført mot palestinske barn og vaksne.
Av mindre kjende døme er Israel Chemicals, ICL Group, som har hatt verksemd på den okkuperte Vestbreidda og Dødehavet i snart hundre år i tillegg til at det er høg risiko for at selskapet produserer kvitt fosfor som blir seld via USA til IDF. Eit anna døme er Delek Motors, som leverer tenester til biltransport på okkupert land på liknande måte som nyleg ekskluderte Paz Retail and Energy. Eit tredje er Azrieli Group, kategorisert som "Real Estate" av NBIM men er uløyseleg knytt til Azrieli Foundation som gir tusenvis av dollar til skular på okkupert område og tilskot til IDF.
Desse døma gir innsikt i kor tilfeldig Etikkrådets tilrådingar faktisk er, fordi ingen av desse selskapa er ekskluderte eller sett under observasjon så vidt kjent i offentlegheita.

Jens Stoltenberg (A)

Svar

Jens Stoltenberg: Vi har eit rammeverk og etiske retningslinjer for fondet som det er brei semje om i Stortinget. Det fagleg uavhengige Etikkrådet vurderer om selskap fondet er investert i skal utelukkast eller setjast til observasjon. Etikkrådet er klare på at Israel sin okkupasjon og krigføring bryt med folkeretten. Etikkrådet vurderer om det er ein uakseptabel risiko for at eit selskap har verksemd som kan medverke til Israels brot på folkeretten. Elleve selskap er så langt utelukka frå Statens pensjonsfond utland på bakgrunn av verksemd på Vestbreidda.

Det er utarbeidd fleire lister over selskap i fondet som det blir hevda kan knytast til okkupert palestinsk territorium, mellom anna frå FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR). Lista som det blir vist til i representanten sitt spørsmål, er eit anna døme.

Etikkrådet har uttalt at slike lister er nyttige utgangspunkt og kjelder til informasjon for rådets undersøkingar. Saker som kan framstå som enkle og opplagde, kan vere mindre klare ved nærare undersøking. Det ligg eit grundig førearbeid bak avgjerder om å utelukke eit selskap frå fondet. Tilrådingane frå Etikkrådet er offentleg tilgjengelege, slik at alle kan ettergå vurderingane som er gjort.

Eg meiner at vi har eit godt system for etiske vurderingar av fondets investeringar. Etikkrådet følgjer løypande med på utviklinga og vurderer om selskap bør utelukkast eller setjast til observasjon.