Birgit Oline Kjerstad (SV): I Rauma kommune har det lenge vore behov for å oppgradere eksisterande kaianlegg. Det er regionale, nasjonale og strategiske interesser like mykje som kommunale som gjer at det trengst. Kan statsråden bidra til ei samordning mellom departementa slik at dei midlane som i si tid vart avsette til tømmerkaianlegg på Åndalsnes kan bli overførte til å bygge ei ro-ro kai til nytte for meir enn berre tømmer ?
Begrunnelse
Sikkerheit og beredskap, både sivil og militær, er sett høgare på agendaen enn før. Logistikk og infrastruktur med vegar og alternative omkøyringsvegar og kaier som gir tilgang til sjøvegen må vere med i planane for auka tryggleik og beredskap ikkje minst i eit fjord og fjellfylke som Møre og Romsdal.
Raumabana har godsterminal nært kaiområdet på Åndalsnes. Det ligg difor svært godt til rette for å få til logistikknutepunkt mellom sjø, tog og veg i Rauma. Å få meir gods over på kjøl og bane er viktig for å få ein logistikk med mindre utslepp frå godstransport i framtida. Difor er det å satse på å ruste opp kaianlegg i Norge og i dette tilfelle på Åndalsnes viktig.
Krf fekk i si tid sett av midlar til ei tømmerkai på Åndalsnes ved bruk av skogmidlar over LMD, men det er like mykje behov for kai for andre formål. Kort kan nemnast bygging av Statnett si nye 420 kv kraftleidning frå Grytten, generell logistikk og beredskap med gods over på bane med den store eksporten frå fylket, og militær beredskap og militære øvingar. Åndalsnes er eit strategisk knutepunkt for logistikk over til austlandet via Romsdalen og Raumabanen. Den store NATO militærøvinga i 2018 avdekte behov for utbetring av kai, og eit ro-ro-kaianlegg kan verte avgjerande om alliert mottak er naudsynt. No syner det seg at grunnforholda ved prosjektert tømmerkai kan vere krevjande og det trengst nye utgreiingar i prosessen med å planlegge og bygge nytt ro-ro kaianlegg på Åndalsnes.