Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2439 (2024-2025)
Innlevert: 05.06.2025
Sendt: 06.06.2025
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I regjeringa si klimastatus- og klimaplan (2024–2025) er det rekna med eit utsleppsgap på 5,4 millionar tonn i ikkje-kvotepliktig sektor for å nå klimamålet i 2030. I same plan legg regjeringa til grunn at jordbruket skal redusere utsleppa med 2,4 millionar tonn. Med bakgrunn i Riksrevisjonen sin ferske rapport om manglande utslippskutt og måloppnåing i jordbruket:
Kva er det oppdaterte utsleppsgapet, korleis vil regjeringa dekke dette, og kva vil det koste?

Begrunnelse

Regjeringa sine framskrivingar i klimastatus- og klimaplanen (2024–2025) syner at det i dag manglar totalt 5,4 millionar tonn kutt i den ikkje-kvotepliktige sektoren for å nå klimamålet i 2030. I denne berekninga er det lagt til grunn at verkemiddel i jordbruket vil kutte 2,4 millionar tonn.
Riksrevisjonen sin rapport Dokument 3:13 (2024–2025) slår tydeleg fast at «det er ingen teikn til at det vil vere mogleg å oppnå betydelege utsleppsreduksjonar frå jordbruket innan 2030». Målkonfliktane er store, og klimaavtalen mellom staten og jordbruket vert vurdert som urealistisk. Regjeringa har ikkje lagt til rette for ein verkemiddelbruk som gjer det sannsynleg å nå reduksjonsmålet i klimaavtalen med jordbruket innan 2030. Rapporten peikar òg på at styringa frå Landbruks- og matdepartementet på klimaområdet pregar av manglande strategi, uklåre ansvarsforhold og svak oppfølging av ambisjonane som er sette for 2030. Dagens verkemiddel og tiltak bidreg i liten grad til måloppnåing, og Stortinget har fleire gonger etterlyst sterkare tiltak.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig