Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil regjeringa gjere for å sikre ein open og kunnskapsbasert gjennomgang av opphavet til covid-19-pandemien, og korleis arbeider Noreg saman med internasjonale partnarar - herunder WHO, FNs biovåpenkonvensjon og EU - for å styrke internasjonal regulering, normer og openheit rundt risikofylt virusforskning og andre typer avansert biologisk forsking?
Begrunnelse
Covid-19-pandemien tok livet av over 15 millionar menneske på verdsbasis og kosta samfunnet enorme verdiar – i Noreg over 270 milliardar kroner i tapt verdiskaping berre fram til 2023. Likevel har vi framleis ikkje eit klart svar på kva som utløyste pandemien. Det er alvorleg, både for samfunnstillit, forebygging og framtidig beredskap.
Ei ny bok av molekylærbiolog Sigrid Bratlie, som har fått både Kongens gullmedalje og Naturviterprisen for si forsking og formidling, gir ei samla oversikt over nye forskingsfunn og etterretningsvurderingar som peikar på at laboratorielekkasje frå virusforsking i Wuhan er ei sannsynleg forklaring på utbrotet av Covid 19-pandemien. At dette er ei plausible forklaring, blir støtta av mellom anna WHO-direktør Tedros Ghebreyesus og etterretning frå USA, Storbritannia og Tyskland. Bratlie viser til at det fanst konkrete forskingsprosjekt i Wuhan der ein før pandemien jobba med å samle inn og manipulere koronavirus i laboratorium – under svake tryggleikstiltak. Det er heller ikkje funne nokon mellomvert i naturen som kan forklare ei naturleg smitteoverføring.
Dersom laboratorielekkasje faktisk var årsaka til pandemien, reiser det alvorlege spørsmål om tryggleik og etisk kontroll av risikofylt virusforsking, særleg såkalla «gain-of-function»-forsøk. Slik forsking kan ha potensial for nytte, men òg ekstremt høg risiko. Det er dokumentert fleire hundre lekkasjetilfelle frå laboratorium internasjonalt. Likevel er det svake internasjonale reglar, og Biovåpenkonvensjonen gir verken rett til inspeksjon eller sanksjonar.
Med det bakteppet som no blir avdekka om covid-epidemien sitt mulige opphav, er det viktigare enn nokon gong at Noreg, som ein open og demokratisk rettsstat, går føre i arbeidet med meir openheit og ansvarleg forsking knytt til avansert biologisk forsking. Det er viktig for beredskap, for tilliten til styresmaktene – og for å lære av pandemien slik at vi står betre rusta neste gong.
Eg ber difor statsråden klargjere kva tiltak regjeringa vil setje i verk – både nasjonalt og internasjonalt – for å sikre ei kunnskapsbasert oppfølging av opphavet til covid-19-pandemien og for betre regulering av risikofylt biologisk forsking.