Lisa Marie Ness Klungland (Sp): Vil statsråden gjera greie for korleis regjeringa vurderer forhaldet mellom implementeringa av Net Zero Industry Act (NZIA) og Grunnlova § 97, sett i lys av at forordninga inneber ein investeringsplikt for olje- og gassprodusentar basert på aktivitet i perioden 2020–2023, og korleis dette kan vera foreineleg med forbodet mot tilbakeverkande lovgjevnad?
Begrunnelse
Grunnlova § 97 slår fast at ingen lov må gjevast tilbakeverkande kraft. Dette er eit fundamentalt prinsipp i vårt rettssystem, og skal beskytta folk og næringsliv mot uføreseielege og urimelege inngrep i allereie etablerte rettsforhald. Det handlar om rettssikkerheit, tillit til myndigheitene og føreseielegheit i lovgjevnaden.
Når EU-forordninga Net Zero Industry Act (NZIA) artikkel 23 pålegg petroleumsselskap ein investeringsplikt i injeksjonskapasitet for CO2 ifm. karbonfangst og -lagring (CCS), og denne plikta skal reiknast på grunnlag av produksjonen i åra 2020–2023, så er det grunn til bekymring. Det er snakk om å påføra selskap nye, og potensielt betydelege, økonomiske forpliktingar basert på forhald som allereie er avslutta. Dette talar for at inngrepet er alvorleg. Det liknar ekte tilbakeverknad, som etter gjeldande rett berre kan aksepterast unntaksvis og i heilt spesielle tilfelle.
Selskap som opererte i denne perioda har gjort det under eit regelverk som ikkje inneheldt slike forpliktingar, og dei kunne ikkje med rimelegheit forutsjå at produksjonen i denne perioden i ettertid ville bli gjenstand for nye forpliktingar. Ein investeringsplikt i ettertid rokkar ved grunnleggande forventningar og tillita til rettssystemet. Det er ikkje tilstrekkeleg at hensiktene er gode, for òg klimatiltak må skje innanfor ramma av Grunnlova. Derfor bør det svarast klart på korleis denne ordninga er vurdert opp mot Grunnlova § 97, og kva som er gjort for å sikra at me ikkje bryt med eit av våre mest grunnleggande konstitusjonelle prinsipp.