Ingrid Fiskaa (SV): Kva er årsaka til den omfattande akutte stenginga av Andøya flystasjon, og korleis vil stenginga påverka stasjonens funksjon som beredskaps-, øvings- og mottaksbase?
Begrunnelse
Andøya flystasjon vart vedtatt nedlagt i 2016. Seinare vart det vedtatt at Andøya likevel skulle bestå som militær flystasjon, men regjeringa avgjorde i 2022 at Avinor skulle overta drifta. Andøya skal bli permanent base for mottak av allierte styrkar og base for langtrekkande droner, som skal vera fullt operativ i 2029. I tillegg skal basen understøtta aktiviteten til Andøya Space.
I løpet av mai har Avinor sendt ut ei rekke NOTAMs for Andøya flystasjon. Endane på rullebanen og det aller meste av taksebanar er stengt for jetfly til 10. juli i år. Dette inkluderer begge områda for kampfly og oppstillingsplassen for store transportfly, noko som i praksis stenger stasjonen for militær flyaktivitet. Sivile jetfly vil måtta bruka ein taksebane midt på rullebanen og forhalda seg til at rullebanen er korta ned med ca. 300 meter.
Dåverande forsvarsminister Gram svarte på mitt skriftlege spørsmål nr. 1747 i april 2024 at «Langtidsplanen legg til grunn at Forsvaret vil ha dagleg nærvær og handtera militær vakt og sikring, vertslandstøtte for allierte, og andre funksjonar som er militært nødvendige på Andøya. Forsvaret vil inngå ein driftsavtale med Avinor som vil sikra at Forsvaret får levert dei tenestene som er nødvendig for den framtidige drifta og for å ta vare på alliert øving og trening, og ivareta nødvendig beredskap.»