Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2338 (2024-2025)
Innlevert: 27.05.2025
Sendt: 28.05.2025
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Vil auken i grunnbeløpet i folketrygda frå 1.mai 2025 kunne føre til avkorting av bostøtta for bostøttemottakarar, og vil etterbetaling av auka grunnbeløp i mai/juni påverke bostøtta for uføretrygda og AAP mottakarar?

Begrunnelse

Frå 1 mai 2025 vert grunnbeløpet i folketrygda justert frå 124 028 kroner til 130 160 kroner. Dette er ein auke på 6132 kroner eller 4,94 prosent.
Det er dyrtid og mange lurer no på om denne auken vil påverke utbetalinga av bostøtte.
Boutgiftene har auka monaleg både for dei som eig bustad og dei som leiger bustad siste åra.
I Husbankens rapport satus på leiemarkedet 2024 står det:

• Leieprisene har økt betydelig de siste årene, men mindre enn bokostnadene for eiere.
• Leietakere har betydelig lavere inntekt og dermed dårligere forutsetning for å håndtere økte boutgifter enn boligeiere.

Husbanken meiner mange vanskelegstilte vil få ytterligare utfordringar med å få dekt bustadbehov i den private bustadmarknaden dei næraste åra, og den viktigste faktoren som vil påvirke dette er auka boutgifter.

Ifølge SIFOs oppdaterte referansebudsjett for ein familie med mor, far og to barn på 5 og 11 år, har dei samla månadlege utgiftene auka med rundt 5 210 kr, frå 32 720 kr i februar 2021 til 37 930 kr i februar 2025 for eksempelfamilien. Den månadlege auken i utrekna kostnader for «mat og drikke», som er den største budsjettposten målt i kroner, har auka med 3 350 kroner frå februar 2021 til februar 2025. Dette er ein auke på 30 prosent i perioden. I 2025 vil truleg eksempelfamilien bruke totalt 455 140 kroner i året på nødvendig forbruk omfattet av referansebudsjettet. Denne summen er 62 510 kroner høgare enn i 2021, og i desse levekostnadane er ikkje boutgiftene tekne med.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig